Niki Sullivan (23. juni 1937–6. april 2004) var ein USA-amerikansk rock and roll-gitarist. Han var ein av dei fire originale medlemmane i bandet til Buddy Holly, The Crickets. Han mista interessa etter eit par år i bandet, men gitarspelinga hans vert likevel rekna som ein viktig del av den tidlege suksessen til Holly. Han spelte på 27 av 32 songar som Holly spelte inn i løpet av den korte karriere sin, og var medlåtskrivar på fleire av songane. I 2012 vart Sullivan innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Crickets av ein spesialkomité som retta opp mistaket ved å ikkje innlemme The Crickets då Buddy Holly kom inn i æresgalleriet i 1986.
Niki Sullivan | |||
Fødd | 23. juni 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | South Gate i California i USA | ||
Død | 6. april 2004 (66 år) | ||
Dødsstad | Sugar Creek i Missouri i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1956–1958 | ||
Sjanger | Rock and Roll, pop | ||
Instrument | Rytmegitar | ||
Tilknytte artistar | The Crickets | ||
Verka som | Gitarist, songar-låtskrivar |
Biografi
Sullivan hadde aldri planlagt ein musikkarriere, men møtte tilfeldigvis Buddy Holly under ein jam i 1957 og Holly bad han om å bli med i bandet. Sullivan var med på versjonen av «That'll Be the Day» som sette Holly og bandet hans, The Crickets, på kartet, og spelte med gruppa på det første albumet, The Chirping Crickets, med klassiske songar som «Oh, Boy! av The Crickets», «Not Fade Away» og «Maybe Baby». Etter fleire kranglar med Holly slutta Sullivan i bandet seint i 1957, like etter dei først hadde spelt på The Ed Sullivan Show.
Medan han spelte i The Crickets, vart han stundom beden av Norman Petty, produsenten til Holly, om å spele eller syngje kor for andre artistar som spelte inn musikk med Petty. Sullivan spelte sidan inn musikk for Dot Records, men innan 1960-åra kom hadde han gjeve opp musikarkarrieren.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.