Niger-kongospråka. eller den nigerkordofanske språkfamilien, er ein av verdas største språkfamiliar, og den største i Afrika, både målt etter geografisk område, talet på brukarar, og talet på ulike språk. Nesten alle dei store språka sør for Sahara høyrer til denne familien. Eit fellestrekk ved dei nigerkordofanske språka er nominalklassesystemet, eit system som av mange lingvistar blir sett på som eit genussystem.
Joseph Greenberg var den første som identifiserte den nigerkordofanske språkfamilien, som han kalla Niger-Congo, i ein serie av artiklar publisert mellom 1949 og 1954. Like før desse artiklane vart samla i bokform (The Languages of Africa) i 1963, endra han klassifiseringa si med å legge kordofansk til som ei eiga grein, og familien vart omdøypt til nigerkordofansk. Bennet og Sterk (1977) presenterte ei reklassifisering basert på leksikostatistikk som la grunnlaget for den viktige klassifiseringa i Bendor-Samuel 1989. Her vart kordofansk sett på som ei av fleire greiner, heller enn den eine greina i ei todeling av familien. Denne klassifiseringa har ført til at termen niger-kongo har vorte reintrodusert, og Ethnologue fører til dømes kordofansk opp som ei av mange greiner i niger-kongo-familiem.
Dei viktigaste underfamiliene i niger-kongofamilien er:
- Kordofanske språk: Snakka i det sørlege Sudan, rundt Nubafjella.
- Mande-språk: Snakka i Vest-Afrika; inkluderer bambara, det viktigaste språket snakka i Mali, og soninke, eit språk snakka hovudsakleg i Mali men også i Senegal og Mauritania.
- Atlantisk: Inkluderer wolof, snakka i Senegal, og fulfulde, som er eit lingua franca i heile Sahel-området.
- Dogon, snakka i Mali
- Ijoidske språk i Nigeria, mellom anna ij og defaka.
- Volta-kongo-språk
- Kruspråk: Snakka i Vestafrika, mellom anna bété, nyabwa, og dida.
- Gurspråk: Mellom anna dagbani i det nordlege Ghana, gurspråk blir snakka mellom anna i Elfenbeinskysten, Togo, Burkina Faso og Mali.
- Senufo-språk
- Adamawa-ubangispråka: Mellom anna sango, som blir snakka i Den sentralafrikanske republikken.
- Kwa-språk: Mellom anna akan, snakka i Ghana og gbe-språka, snakka i Ghana, Togo, Benin, og Nigeria, av dei er ewe det best kjende.
- Benue-kongospråk (m.a. Joruba og igbo, snakka i Nigeria).
- Bantuspråk: Ei svært stor språkgruppe, som mellom anna inneheld swahili, zulu og xhosa.
Bakgrunnsstoff
- Bennett, Patrick R. & Sterk, Jan P. (1977) 'South Central Niger-Congo: A reclassification'. Studies in African Linguistics, 8, 241–273.
- Greenberg, Joseph H. (1963) The Languages of Africa. Indiana Univ. Press.
- Bendor-Samuel, John & Rhonda L. Hartell (red.) (1989) The Niger-Congo Languages — A classification and description of Africa's largest language family. Lanham, Maryland: University Press of America.
- Williamson, Kay & Blench, Roger (2000) 'Niger-Congo', i Heine, Bernd og Nurse, Derek (red.) African Languages - An Introduction. Cambridge: Cambridge University press, pp. 11—42.
- An Evaluation of Niger-Congo Classification på sil.org, Kenneth Olson
- Ethnologue: Niger-Congo Family Tree
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.