From Wikipedia, the free encyclopedia
Nidwalden er ein kanton i det sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 276,1 km2, og hadde 43 000 innbyggarar i 2018. Stans er hovudstad i kantonen.
Nidwalden | |||
Nidwald, Nidvaldo, Sutsilvania | |||
kanton | |||
|
|||
Forkorting: NW | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Del av | Sentral-Sveits | ||
Hovudstad | Stans | ||
Høgaste punkt | Rotstöckli | ||
• høgd | 2 901 moh. | ||
Areal | 275,85 km² | ||
Folketal | 43 223 (31. desember 2018)[1] | ||
Kanton sidan | 1291 | ||
Nidwalden 46.95°N 8.4°E | |||
Kart som viser Nidwalden.
| |||
Wikimedia Commons: Canton of Nidwalden | |||
Nidwalden ligg om lag midt i Sveits, sør for Vierwaldstättersjøen. Nidwalden er, saman med Obdwalden, dei einaste kantonane som ikkje har grense til eit anna land. Kantonen grensar mot kantonane Luzern, Obwalden, Uri og Bern. Høgste fjellet i kantonen er 2 901 moh høge Rotstöckli, fjellet ligg i utkanten av Uri-Alpane. Størstedelen av kantonen høyrer til dei sentralsveitsiske foralpane. Lågastliggande punktet er Vierwaldstättersjøen på 434 meter over havnivå.
Ganske nøyaktig 10% av dei fastbuande har utanlandsk statsborgarskap. Majoriteten i Nidwalden, 92,5%, talar tysk. Men det er klare dialektskilnader innom kantonen. Ein liten minoritet, 1,4%, har italiensk morsmål, medan 1,2% snakkar serbokroatisk.
75,6% av innbyggarane var i 2000 romersk-katolske, medan 11,9% sokna til den reformerte kyrkja i Sveits (Schweizer Reformierte Kirchen).
Nidwalden består av elleve kommunar. Det er Beckenried, Buochs, Dallenwil, Emmetten, Ennetbürgen, Ennetmoos, Hergiswil, Oberdorf, Stans, Stansstad, Wolfenschiessen.
Saman med Obwalden utgjer Nidwalden Unterwalden, som var ein av dei tre urkantonane som i 1291 danna det første sveitsiske eidsforbundet. Fram til 1999 var Nidwalden ein halvkanton, talde berre ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Etter endringar i den sveitsiske grunnlova, har Nidwalden ei røyst i stenderrådet, dei fleste andre kantonane har to røyster.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.