New York Hippodrome
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hippodrome Theatre,[1][2][3][4][5] òg kalla New York Hippodrome, var eit teater og seinare ein kino i New York City frå 1905 til 1939 på Sixth Avenue mellom 43rd Street og 44th Street i Theater District i Midtown Manhattan. Det vart kalla for i verdas største teater av byggjarane. Det hadde 5 300 sitteplassar og ein 30 gangar 61 meter stor scene. Teateret vart utstyrt med den seinaste teknologien innanfor teaterutstyr i si samtid, mellom anna ein løftbar vasstank i glas.
New York Hippodrome | |||
| |||
Hippodrome Theatre 40.7558°N 73.98332°W / 40.7558; -73.98332 |
---|
Hippodromen vart bygd av Frederick Thompson og Elmer Dundy, skaparane av Luna Park-forlystelsesparken på Coney Island, med stønad frå Harry S. Blacks U.S. Realty, eit av i dei dominerande eigedom- og byggeselskapa i samtida. Bygget vart overteke av The Shubert Organization i 1909. I 1933 vart det gjenopna som kinoen New York Hippodrome, og vart scenen for Billy Rose sin musikal Jumbo i 1935. Dei som opptredde i hippodromen omfatta mange sirkus, musikalske revyar, vaudevillar og den forsvinnande elefanten til Harry Houdini, Det blei vist stumfilmar som Neptune's Daughter frå 1914 og Better Times frå 1922, i tillegg til filmar frå 1930-talet.[6]
Teateret stengde i august 1939 for å rivast.[6] I 1952 opna ein stor, moderne kontorbygning kalla «The Hippodrome Center» (1120 Avenue of the Americas) på same stad.