![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/43/New-3DS-XL-Black-Transparent-Fixed.png/640px-New-3DS-XL-Black-Transparent-Fixed.png&w=640&q=50)
New Nintendo 3DS
From Wikipedia, the free encyclopedia
New Nintendo 3DS er ein handhalden spelkonsoll utvikla av Nintendo. Konsollen vart annonsert for første gong 29. august 2014 og lansert 11. oktober 2014 i Japan og 13. februar 2015 i Europa og Nord-Amerika.[1][2]
New Nintendo 3DS | |||
![]() | |||
![]() ![]() | |||
Produsent | Nintendo | ||
---|---|---|---|
Lansering | JP: 11. oktober 2014 NA: 13. februar 2015 EU: 13. februar 2015 |
New Nintendo 3DS har nokre forbetringar i maskinvaren samanlikna med den opphavlege Nintendo 3DS frå 2011. Konsollen har oppgraderte prosessorar og auka RAM i høve originalen, bruker ansiktssporing med frontkameraet for å reprodusere ein meir stabil 3D-effekt og har to ekstra skulderknappar og ei ekstra analog stikke på høgresida av konsollen.[3] I likskap med Nintendo 3DS, har New Nintendo 3DS ein større variant med større skjermar, New Nintendo 3DS XL (kjend som New Nintendo 3DS LL i Japan). Den minste varianten av New Nintendo 3DS har utskiftbare deksel og primærfarga ABXY-knappar.
Nokre spel er eksklusive for New Nintendo 3DS på grunn av den forbetra maskinvara i konsollen, mellom anna Xenoblade Chronicles 3D. New Nintendo 3DS kan også spele av utvalde spel frå Super Nintendo Entertainment System gjennom Virtual Console.[4]