From Wikipedia, the free encyclopedia
Netta Barzilai (fødd 22. januar 1993), også kjend under artistnamnet Netta, er ein israelsk songar.[1] I mai 2018 vart ho internasjonalt kjend då ho vann Eurovision Song Contest med songen «Toy».
Netta Barzilai | |||
| |||
Fødd | 22. januar 1993 (31 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kiryat Gat | ||
Fødenamn | נטע ברזילי | ||
Alias | אוריין ברזילי | ||
Opphav | Israel | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Tedy Productions | ||
Verka som | songar, låtskrivar, plateartist | ||
Prisar | Vinner av Eurovision Song Contest, ACUM award |
Barzilai vart fødd i Hod HaSharon i Israel i 1993, og ho bur framleis i byen. Ho kjem frå ein georgisk familie, og som barn flytta ho og familien til Nigeria. Der budde familien i fire år før dei vende tilbake til Israel.[1]
Før ho starta obligatorisk fyrstegongsteneste i det israelske forsvaret, hadde ho eit tenesteår i Nahal og tenestegjorde seinare saman med Det israelske marinebandet.[2]
Etter vidaregåande og militærteneste studerte Barzilai elektronisk musikk ved Rimon School of Music, og i 2016 var ho med på å starte improviasjons-vokalensemblet The Experiment som turnerte over heile Israel. Ho hadde òg hovudrolla i teateroppsetninga Running on the Sea.[3]
I 2018 deltok Barzilai i femte sesong av den israelske talenttevlinga HaKokhav HaBa (norsk: den neste stjerna), og vann tevlinga i februar 2018. Gjennom sigeren vart ho den israelske representanten til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa i mai 2018.[4][5][6]
11. mars vart det klårt at Barzilai skulle deltake i Eurovision Song Contest med songen «Toy», og bidraget vart raskt favoritt blant spelselskapa til å vinne tevlinga.[7] Fram mot tevlinga heldt ho på favorittstempelet, men i dagane før finalen laurdag 12. mai, låg ho på andreplass på bettinglistene, bak kypriotiske Eleni Foureira og «Fuego».
Israel kvalifiserte seg til finalen etter å ha vunne semifinale 1, og i finalen vann Barzilai til slutt avrøystinga med 529 poeng – 317 poeng frå sjåarane og 212 poeng frå juryane. Dette var den fjerde sigeren til Israel i Eurovision Song Contest.[8][9]
År | Song |
---|---|
2018 | «Toy» |
2019 | «Bassa Sababa»[10] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.