Nesleslekta
planteslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Nesleslekta (Urtica)[1] er ei planteslekt i neslefamilien. Plantane i slekta kan «brenna» om ein rører blada eller stenglane deira, og dei er derfor ofte kjende som brennesler, brenn-nesler og brennenesler. Slekta omfattar rundt 50 artar.[2]
Kjappe fakta
Nesleslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Neslefamilien Urticaceae |
Slekt: | Nesleslekta Urtica L., 1753 |
Lukk
Nesler har motsette, grovtagga blad og lysegrøne blomar som heng i knippe frå bladhjørna. Stengel og blad har brennhår som sprøyter ut ei giftig væske når den skjøre, glasaktige spissen blir broten av.[2]
I Noreg veks to nesleartar, stornesle (U. dioica) og smånesle (U. urens).[2]