Nerveseller eller nevron er seller som finst i nervesystemet, både i sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet. Dei kan ha roller som sansing, informasjonshandsaming og signaloverføring. Dei har ein sellelekam med eit ymsande tal utvekster kalla dendrittar og akson.[1]

Thumb
Illustrasjon av ei nerveselle
Thumb
Mikroskopbilete av ei Purkinje-nerveselle frå ein musehjerne

Nerveseller har berre eitt akson, men mange dendrittar. Dendrittane er manggreina og leier informasjon til nervesella. Aksonet kan ha få eller mange greiner og leier informasjon bort frå nervesella.[1]

Akson kan verta særs lange; hjå menneske opp til 1 meter. Akson møter andre seller ved punkt kallar synapsar, der den neste sella vert gjort merksam på impulsen i den førre sella og vil handsama denne informasjonen.[1]

Aksona hjå mange organismar er dekte av feittrike lag kalla myelin. Desse laga isolerer aksonet slik at det elektriske signalet, kalla aksjonspotensial, kan fara snøggare langs aksonet. Hjå nokre artar er diameteren til aksona auka for å oppnå den same verknaden. I sentralnervesystemet er det oligodendrocyttar som dannar myelinet, og i det perifere nervesystemet er det Schwann-seller. Myelin finst hjå mange ulike grupper organismar (til dømes hjå ledmakkar og krepsdyr), men er mest utvikla hjå ryggradsdyra. Myelin finst hjå alle ryggradsdyra utanom kjevelause fiskar.[2]

I det perifere nervesystemet dannar nerveseller nervar. Ei nerveselle og myelinet hennar vert saman kalla ein nervefiber, og buntar av nervefibrar vert haldne saman av bindevev.[1]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.