From Wikipedia, the free encyclopedia
Natalie Portman (fødd 9. juni 1981 i Jerusalem i Israel)[1]) er ein israelskfødd USA-amerikansk skodespelar. Ho fekk gjennombrotet sitt som tolvåring i filmen Léon i 1994. Seinare har ho hatt roller i mange storfilmar. Ho skildra blant andre Padmé Amidala i Star Wars-filmane, og har også hatt roller i andre filmar som Garden State, Heat, Cold Mountain, V for Vendetta, Closer, Black Swan og Thor. Ho vann ein Golden Globe og blei nominert til både Oscar og BAFTA-prisen for rolla i Closer.[2][3] [4] Portman vann også ein Golden Globe for beste kvinnelege hovudrolle for rollen i Black Swan og Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for den same rolla under den 83. Oscar-utdelinga.[5][6]
Natalie Portman | |||
| |||
Fødd | 9. juni 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Jerusalem | ||
Fødenamn | Natalie Hershlag (נטלי הרשלג) | ||
Aktive år | 1994–d. d. | ||
Verka som | Skodespelar, filmprodusent og regissør | ||
Ektefelle | Benjamin Millepied (sidan 2012) | ||
Born | Aleph Millepied, Amalia Millepied | ||
Kjende roller | Padme Amidala i Star Wars Nina Sayers i Black Swan | ||
Prisar | Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Drama, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role, Independent Spirit Award for Best Female Lead, Golden Globe, Independent Spirit Awards, Saturn Award, Screen Actors Guild Award |
Portman blei fødd som Natalie Hershlag[7][8] i Jerusalem. Familien til Portman er jødar som kom til Israel frå Polen, Romania, Austerrike og Russland. Hennar far er lege og mor hennar var husmor, og seinare agenten til Portman.
I 2010 blei Portman forlova med den franske koreografen Benjamin Millepied, som ho møtte under innspelinga av Black Swan, og i juni 2011 blei dei foreldre til ein gut dei gav namnet Aleph. I 2013 returnerte ho til filmlerretet etter fødselen, med filmen Thor: The Dark World. I denne filmen gjentok ho rolla som Jane Foster, toreguden Thor sin menneskelege kjærast. Prosjekt og utgjevingar i framtida er blant anna Knight of Cups og eit nytt prosjekt som framleis er under arbeid; båe regissert av Terrence Malick.
Portman har også vist interesse for filmproduksjon, og hadde sin regissørdebut i filmen Eve, frå 2008. Denne blei presentert på den 65. årlege filmfestivalen i Venezia.[9] Ho har også regissert eit segment i den romantiske komedien New York, I Love You, som var ein etterfølgjar til Paris, je t'aime, der Portman skildra Francine.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.