norsk fotograf From Wikipedia, the free encyclopedia
Narve Skarpmoen (24. desember 1868–28. august 1930[1][2]) var ein norsk fotograf som verka i Kristiania på slutten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet.[3]
Narve Skarpmoen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. desember 1868 Rollag kommune |
Død |
28. august 1930 (61 år) |
Yrke | fotograf |
Narve Skarpmoen på Commons |
Skarpmoen var fødd i Rollag kommune.[4] Han flytta til Kristiania og byrja i lære hos fotograf Egeberg.[5] Han starta si eiga forretning i Karl den XIIs gate 6 på Vaterland, og i 1896 flytta han verksemda til Dronningens gate 36.[6]
Skarpmoen spesialiserte seg som presse- og friluftsfotograf. Tidleg på 1900-talet fekk fotografi etter kvart plass i avisene. Skarpmoen var ein pioner på dette området og var ein av dei fyrste fotografane som fekk publisert eit dagsaktuelt nyhendebilete i ei norsk avis. Biletet vart publisert i Aftenposten 16. september 1903. Allereie frå 1902 hadde Skarpmoen levert dagsaktuelle fotografi fra Noreg til det svenske vekemagasinet Hvar 8 dag. Skarpmoen heldt fram med å fotografere aktuelle hendingar for aviser og tidsskrift gjennom heile resten av karrieren.[7] Skarpmoen doumenterte fattigdomen i Kristiania rundt 1910 gjennom ein biletserie. Bileta er direkte, og viser at fotografen har sympati for menneske som levde under uverdige tilhøve.[8] Han var interessert i idrett og gav rabatt til idrettsutøvarar som ville late seg fotografere.
Han hadde mange tillitsverv i fotograforganisasjonane, mellom anna var han styremedlem i Norske fotografers landsforening og formann i Oslo fotografforening.[9][10]
Skarpmoen var aktiv i folkemusikkmiljøet i Kristiania rundt år 1900. Han var formann i Den nationale forening frå starten i 1894 og i 9 år. Foreininga gjekk inn i 1906. Her møttest mange av spelemennene og dansarane i Kristiania. Skarpmoen spela sjølv hardingfele og i folketeljinga frå 1891 er han registrert med «Violinspil for egen regning» som yrke.[11] Medan han var fotograflærling opptredde han som «Hardangerspillemanden Narve Skarpmoen» på den populære underhaldningsstaden Bazarhallen på Youngstorget.[7] Han var primus motor for landskappleikane som vart arrangerte i Kristiania i 1903 og 1904. 1903–1904 vart det gjort opptak av hardingfeleslåttar spela av spelemennene Torstein Odden (1869–1959), Halvor O. Kravik (1859–1925) og Steinar Gladheim (1883–1919) frå Numedal og Anders G. Stubberud (1885–1960) frå Sigdal. Desse opptaka er til no (2020) dei eldste opptaka ein kjenner til av hardingfelespel. På opptaka blir slåttane annonserte, og ein kan høyre oppmuntrande tilrop til spelet av ein som snakkar numedalsmål. Det er Narve Skarpmoen som har gjort opptaka, og det er han som snakkar.[12] Opptaka vart innførte i registeret Noregs dokumentarv 4. desember 2020.[13][14]
I 1926 arrangerte Numedal fylkeslag av Noregs Ungdomslag kappleik i Svene og på dette stemnet gjorde Narve Skarpmoen dei fyrste filmopptaka av numedalsspringaren. Desse opptaka kom med i Laagendalsfilmen.[15] Det var også han som tok biletet med eit hallingkast på 2,83 m som Olav Thorshaug gjorde på Bygdøy i 1920.[16]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.