Nanga Parbat
fjell i Himalaya / From Wikipedia, the free encyclopedia
Nanga Parbat, også kjend som Diamir, er 8125 moh., verdas niande høgaste fjell, og det nest høgaste fjellet i Pakistan etter K2. Nanga Parbat tyder 'nakent fjell' på urdu/hindi.
Nanga Parbat | |||
fjell | |||
Nanga Parbat sett frå nord. | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Himalaya | ||
Høgd | 8 125 moh. | ||
Førstestiging | 3. juli 1953, Hermann Buhl | ||
Koordinatar | 35°14′18″N 74°35′22″E | ||
Nanga Parbat 35.239166666667°N 74.59°E / 35.239166666667; 74.59 | |||
Wikimedia Commons: Nanga Parbat | |||
Nanga Parbat ligg i den vestlegaste delen av Himalaya, og er det vestlegaste av verdas fjell på over 8000 meter. Fjellet ligg like sør for Indus-elva, i Diamir-distriktet i det pakistanske territoriet Gilgit-Baltistan. Like nord for Nanga Parbat ligg den vestlege delen av Karakoram-kjeda.
Nanga Parbat er ikkje eitt enkelt fjell, men ei 20 kilometer lang kjede som reiser seg høgt over det omkringliggande landskapet. Den sørvestlege delen av denne kjeda er kjend som Mazeno Ridge, og består av ein rekkje toppar. Mot andre sida strekkjer hovudryggen seg mot aust, før den dreiar nordaust mot Rakhiot Peak (7070 m).
Den voldsomme sørflanken, kjend som Rupal Face, dominerer sør/søraustsida av fjellet. Den reiser seg 4600 meter over dalen under, og er rekna som kanskje verdas største fjellside. Den noko slakare nordsida, Rakhiot Face, har også ei veldig stigning over ei relativt kort strekning. Rakhiot-sida fell over 7000 meter frå toppen og ned til Indus-elva berre 27 kilometer unna.
Topp og mellomtoppar
Nanga Parbat | 8125 m |
Schulter | 8070 m |
Sørtoppen | 8042 m |
Nordausttoppen | 7910 m |
Nordtoppen | 7815 m |
Nordtoppen II | 7785 m |
Silberzacken | 7597 m |
austtoppen | 7530 m |
Rakhiot Peak | 7070 m |