Nakenskap eller det å vera naken viser for menneske til å ikkje ha på seg klede, og for andre dyr til at dei manglar vanleg pels eller fjørdrakt.
For menneske kan det å kjenna seg naken også visa til ei subjektiv kjensle som, avhengig av omstenda, kan opplevast som ukomfortabel (utryggleik og skam), eller behageleg (fridom, reinleik og sjølvtillit).
Oppfattinga av nakenskap har endra seg over tid og blir i stor grad påverka av sosiale og kulturelle høve. For den nakne er det stor skilnad mellom frivillig og ufrivillig nakenskap, og den kulturelle og sosiale situasjonen påverkar også korleis omgjevnadane oppfattar nakenskapen.
Nakenskap har alltid vore vanleg i samband med bading. Det har i alle tider vore eit tema i kunst, bilete og filmar, som i seinare tid har fått stor spreiing gjennom digital fototeknologi og internett. Spreiing av bilde og film har sidan 2000 påverka synet på nakenskap og det har gått føre seg ei seksualisering.[2][3]
I kulturar der folk sjeldan eller aldri er nakne i sosiale samanhengar blir nakenskap gjerne sterkt assosiert med seksualitet. I slike kulturar kan nakenskap òg nyttast forsettleg for å skapa merksemd.
Om ein er mangelfullt påkledd, til dømes berre i underklede, kan ein kalla det å vera halvnaken.