Mytilíni
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mytilíni (gresk Μυτιλήνη, tyrkisk Midilli), òg kalla Mytilene, er ein by og ein kommune aust på øya Lésvos. Han er hovudbyen på øya og hovudsete i kommunen Mytilíni, i periferieininga Lésvos og i periferien Dei nordlege egeiske øyane i Hellas.[2]
Mytilíni Lokalt namn Μυτιλήνη | |
---|---|
![]() Mytilíni | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Dei nordegeiske øyane |
Koordinatar | 39°06′N 26°26′E |
Areal | 564,7 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei nordlege egeiske øyane Lésvos |
Hovudsete | Mytilíni (31 714 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 59 034 (2021[1]) |
Folketettleik | 104,5 /km² |
Mytilíni har ei vakker hamn med ferjesamband til dei nærliggande øyane Límnos og Khíos og til Avyalik i Tyrkia. Hamna har òg båtsamband til Pireus, Aten og Thessaloníki.
Administrativ inndeling

Mytilíni hadde vore eigen kommune fram til 2011, men vart då ei kommunaleining i kommunen Lésvos.[2] Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og dei opphavlege kommunane Ajásos, Everjétoulas, Jéra, Loutrópoli Thermís, Mytilíni og Plomári vart kommunaleiningar i den nye kommunen Mytilíni.[3]
Ved folketeljinga i 2021 var det 59 034 innbyggjarar i det som no er kommunen Mytilíni. Kommunaleininga Mytilíni hadde 41 379 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 31 714 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[4] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Mytilíni | Mytilíni | 27 871 | 31 714 |
Plomári | Plomári | 2 996 | 2 756 |
Ajásos | Ajásos | 2 320 | 1 934 |
Pappádos | Jéra | 1 442 | 1 386 |
Skópelos | Jéra | 1 530 | 1 383 |
Pámfila | Mytilíni | 1 413 | 1 188 |
Variá | Mytilíni | 1 133 | 1 100 |
Taxiárkhes | Mytilíni | 1 107 | 1 087 |
Loutrá | Mytilíni | 1 085 | 1 025 |
Panajoúda | Mytilíni | 906 | 982 |
Mória | Mytilíni | 1 164 | 938 |
Paleókipos | Jéra | 976 | 826 |
Loutrópoli Thermís | Loutrópoli Thermís | 900 | 823 |
Íppio | Everjétoulas | 818 | 708 |
Pérama | Jéra | 726 | 702 |
Mesargós | Jéra | 631 | 571 |
Káto Trítos | Everjétoulas | 518 | 507 |
Plajá | Plomári | 529 | 473 |
Ajía Marína | Mytilíni | 522 | 467 |
Småøyar i kommunen:
- Ájos Vasílios (0)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.