![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ae/Status_quo_2005.jpg/640px-Status_quo_2005.jpg&w=640&q=50)
Musikkgruppa Status Quo
engelsk rockeband / From Wikipedia, the free encyclopedia
Status Quo er eit engelsk rockeband som spelar boogierock. Gruppa vart skipa som The Scorpions av skulevenene Francis Rossi og Alan Lancaster i 1962.[1] Etter fleire besetningsendringar, der mellom andre Rick Parfitt kom inn i 1967, vart bandet kjent som The Status Quo i 1967 og berre Status Quo i 1969.
Status Quo | |||
![]() Dei fire lengstvarande medlemmane i bandet, frå venstre til høgre: Rick Parfitt, Francis Rossi, John «Rhino» Edwards og Andy Bown, i Colston Hall i Bristol den 15. november 2005 | |||
Alias | The Scorpions (1962–1963) The Spectres (1963-1967) Traffic Jam (1967) The Status Quo (1967-1969) Status Quo (sidan 1969) | ||
---|---|---|---|
Opphav | London i England | ||
Aktiv | Sidan 1962 | ||
Sjanger | Hardrock, rock and roll, boogierock, psykedelisk rock (tidleg) | ||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | |||
Tidlegare medlemmer | Sjå: Bandmedlemmar |
Dei hadde over 60 hittar på singellista i Storbritannia, meir enn noko anna rockeband,[2] inkludert «Pictures of Matchstick Men» i 1968, «Whatever You Want» i 1979 og «In the Army Now» i 1986 og 2010. Tjueto av desse nådde topp 10 på UK Singles Chart. I juli 1985 opna bandet Live Aid på Wembley Stadium med «Rockin' All Over the World». I 1991 fekk Status Quo ein Brit Award for «Outstanding Contribution to Music».[3]
Status Quo spelte i sin første film, Bula Quo!, som kom på kino i juli 2013. Filmen kom samstundes med filmmusikkalbumet Bula Quo!, som nådde tiandeplassen på UK Albums Chart. Den første singelen frå albumet, «Bula Bula Quo», kom ut i juni 2013 og vart den 100. singelen dei gav ut.[4]
Quo har så langt selt kring 118 millionar plater verda over.[5]