Alisa (russisk Алиса) er eit russisk hardrockband, rekna som eit av dei viktigaste banda innan russisk rock.
Алиса Alisa | |||
V-H: Romanov, Kintsjov, Samojlov, Levin | |||
Alias | Alisa | ||
---|---|---|---|
Opphav | Leningrad i Sovjetunionen | ||
Aktiv | 1983 til i dag | ||
Sjanger | New Wave, Post-punk, Punkrock (tidleg) Hardrock, heavy metal Kristen rock, kristen metal, folkmetal (nyare tid) | ||
Plateselskap | CD-Maximum, Sojuz, Moroz Records, Extraphone, CD Land Group, REAL Records | ||
Medlemmer | Konstantin Kintsjov Petr Samojlov Jevgenij Levin Igor Romanov Andrej Vdovitsjenko Dmitri Parfyonov | ||
Tidlegare medlemmer | Svetoslav Zadery Igor Tsjumytsjkin |
Biografi
Alisa vart danna i november 1983 av bassisten Svjatoslav Zadery. Namnet på bandet kom frå kallenamnet til Zadery. Besetninga i bandet var komplett i 1984 då den nye vokalisten Kostja Kintsjov (verkeleg namn Konstantin Panfilov) og gitarist Petr Samojlov vart med i bandet. Debutalbumet Energia vart gjeve ut på det statlege plateselskapet Melodija og selde meir enn ein million eksemplar.
Forholdet mellom dei to leiarane i bandet, Konstantin og Zadery, vart dårlegare og til slutt slutta Svjatoslav i bandet. Dette skjedde berre ein time før Alisa skulle halde konsert. Alisa måtte be Kino bassist Igor Tihomirov om å steppe inn for han på konserten. Seinare skapte Zadery bandet Nateh!. Zadery døydde 6. mai 2011 etter eit slag, 50 år gammal.[1]
Bandet vart stadig meir populært og det vart skapt ein fanskare som kalla seg Alisa-armeen, kjend for den dårlege oppførselen sin på konsertar. Dette førte til fiendskap mellom bandet og sovjetiske styresmakter. I 1987 skulda avisa Smena leiaren i Alisa, Kintsjov, for nazi-propaganda og tilbeding av Hitler. Kintsjov saksøkte for baktaling og sverting av han sjølv. Etter ein eitt år lang rettsprosess måtte publisere ei reinvasking. Det neste albumet til Alisa vart kalla Statja 206 tsjast 2, eit kapittel («hærverk») i den sovjetiske prosseslova, som synte til denne prosessen.
Det vart mange endringar i 1988, då gitarist Igor «Tsjuma» Tsjumytsjkin kom med i bandet. Denne endringar vart etterfølgd av ein tyngre stil på dei neste to albuma, Sjabasj (Heksesabbat) og Dlja Tekh, Kto Svalilsia s Luny (Dei som fall frå månen). Alisa turnerte i Europa og Israel i lag med eit anna russisk heavy metal-band, Aria. Albumet Tsjornaja Metka (Svart merke) kom ut i 1994, tileigna minnet til Tsjuma, som tok sjølvmord ved å hoppe ut av eit vindauge.
I det nye tiåret vart stilen til Alisa stadig tyngre med album som Sejtsjas Pozdneje Tsjem Ty Dumajesj (Det er seinare enn du trur, 2003) og Izgoj (Eksil, 2005), med mellom anna element av nu, industrial og heavy metal. Musikkjournalistar omtalte Clawfinger som den største inspirasjonskjelda til Kintsjov. Dette gav Alisa ein ny fanskare i Russland, og tre songar frå Izgoj nådde toppen av NASJE radio-lista. Oppfølgjaren Stat Severa og Puls Hranitelia Dverej Labyrintha var mindre alternative og blanda eldre og nyare stilar. Alisa laga ein song for fantasifilmen Volkodav iz roda Serykh Psov, men songen kom ikkje med på musikkalbumet som følgde.
Alisa er framleis særs populære i Russland og russisktalande land, og rangert blant dei ti mest populære banda innan russisk rock,[2] og vart rangert øvst i lesarundersøkinga til Komsomolskaja Pravda.[3]
Tekstar og kristendom
Kintsjov vart døypt i 1990, og sidan då har kristendomen vore ei viktig inspirasjonskjelde for tekstane hans. Sjølv om tidlege Alisa-tekstar var typiske for russisk rock - med sanfunnsprotestar - har tekstane sidan slutten av 1990-åra hovudsakleg vore baserte på idear frå kristendom, russisk patriotisme og ikkje-politisk kvit nasjonalisme.
Konstantin har eit godt forhold til prestar i den russisk-ortodokse kyrkja, særskild Andrej Kuraejv. Bandet har delteke på mange festivalar til støtte for religion.
Diskografi
Studioalbum
Original tittel | Translitterert tittel | Omsetjing | År |
---|---|---|---|
Кривозеркалье | Krivozerkalje | Gjennom det boga glaset | 1984 |
Энергия | Energija | Energi | 1985 |
Блок Ада | Blok Ada | Blokk av helvete / Blokade | 1987 |
Шестой Лесничий | Sjestoj Lesnitsjij | Sjette skogforvaltar | 1989 |
Статья 206 часть 2 | Statja 206 tsjast 2 | Paragraf 206 del 2 | 1989 |
Шабаш | Sjabasj | Heksesabbat | 1991* |
Для Тех, Кто Свалился с Луны | Dlja Tekh, Kto Svalilsia s Luny | For dei som fall frå månen | 1993 |
Чёрная Метка | Tsjornaja Metka | Svart merke | 1994 |
Jazz | Jazz | Jazz | 1996 |
Дурень | Duren | Tosk | 1998 |
Солнцеворот | Solntsevorot | Solkverv | 2000 |
Танцевать | Tantsevat' | Danse | 2001 |
Сейчас Позднее, Чем Ты Думаешь | Sejtsjas Pozdneje, Tsjem Ty Dumajesj | Det er seinare enn du trur | 2003 |
Изгой | Izgoj | Eksil | 2005 |
Стать Севера | Stat Severa | Nordens ynde | 2007 |
Пульс Хранителя Дверей Лабиринта | Puls Khranitelja Dverej Labirinta | Pulsen til vaktaren av labyrintdøra | 2008 |
Ъ | Ъ (Tverdii Znak) | Ъ ( Det harde teiknet - russisk bokstav utan lyd) | 2010 |
20.12 (Двадцать Двенадцать) | 20.12 (Dvadtsat Dvenadtsat) | 20.12 (Tjue tolv) | 2011 |
Саботаж | Sabotazj | Sabotasje | 2012 |
Sjabasj vart delvis spelt inn live og kan òg reknast som eit konsertalbum.
Konsertalbum
Original tittel | Omsetjing | År og stad |
---|---|---|
Акустика часть 1 | Akustisk vol.1 | 1988, Perm |
Акустика часть 2 | Akustisk vol.2 | 1985, Leningrad |
Акустика часть 3 | Akustisk vol.3 | 1988, Pskov |
Акустика часть 4 | Akustisk vol.4 | 1986, Novosibirsk |
Шабаш | Sabbat | 1990, Moskva, |
На Шаболовке | Ved Sjabolovka | 1995, Moskva, Sjabolovka |
Пляс Сибири на берегах Невы | Sibirdansen ved breidda av Neva | 1997, St. Petersburg, Jubileinyj |
Мы Вместе XX лет | Me er i lag XX år | 2003, St. Petersburg, Jubileiny |
Samlealbum
Original tittel | Omsetjing | År |
---|---|---|
Red Wave: 4 Underground Bands from the USSR | 1986 | |
Легенды Русского Рока | Legendar i russisk rock | 1997 |
Энциклопедия Русского Рока | Leksikon for russisk rock | 2000 |
13 | 13 | 2003 |
Bandmedlemmar
Noverande besetning
- Konstantin Kintsjov - vokal (1985 til i dag)
- Jevgeny Levin - gitar (1998 til i dag)
- Igor Romanov - gitar (2003 til i dag)
- Petr Samojlov - bass (1984 til i dag)
- Andrej Vdovitsjenko - trommer (2003 til i dag)
- Dmitri Parfjonov - klaverinstrument (2000 til i dag)
Tidlegare medlemmar
- Svetoslav «Alisa» Zadery - bass, vokal (1983–1985)
- Andrej Sjatalin - gitar (1983–2003)
- Mikhail Nefedov - trommer (1983–2003)
- Pavel «Pol Khan» Kondratenko - klaverinstrument (1983–1988)
- Alexander Zjuravlev - saksofon (1987–1988)
- Igor «Tsjuma» Tsjumytsjkin - gitar (1988–1993)
- Andrej Korolev - klaverinstrument (1989–1993)
- Alexander Ponomarev - gitar (1996–1998)
- Boris Borisov - vokal, saksofon (1983)
- Ljudmila «Teri» Kolot - vokal (1986)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.