Murmeldyr
pattedyrslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Murmeldyr (Marmota) er ei gruppe gnagarar i ekornfamilien.
Murmeldyr | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Underorden: | Sciuromorpha |
Familie: | Ekornfamilien Sciuridae |
Underfamilie: | Xerinae |
Stamme: | Marmotini |
Slekt: | Murmeldyr Marmota Blumenbach, 1779 |
Det er 15 ulike artar innanfor slekta, og dei har ein kraftig kropp med korte, kraftige bein, ein kort buska hale og korte øyro. Storleiken deira kan samanliknast med kattar, frå 30 til 60 cm og med ei vekt på opp til 7 kilogram.
Utbreiingsområdet deira strekkjer seg frå Nord-Amerika over Alpane i Europa og til Asia over til Himalaya-området.
Murmeldyr oppheld seg i gangar i jorda, som dei grev sjølv. Murmeldyra lever i flokkar, og er kjende for den karakteristiske, plystrande lyden dei lagar.