pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Moskusfe (Ovibos moschatus), òg kalla moskusokse og moskusku, er ein arktisk, sterktluktande jortar. I vår tid finst moskusfet naturleg i arktisk Nord-Amerika og på Grønland. Fram til siste istida fanst det òg moskusfe i Europa, og det finst i dag òg små flokkar etter utsette dyr i Noreg, Sverige og Sibir.
Moskusfe | |
Moskusfe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Framandart med låg risiko[1] Utbreiinga av moskusfe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Kvegdyr Bovidae |
Slekt: | Ovibos |
Art: | Moskusfe O. moschatus |
Vitskapleg namn | |
Ovibos moschatus Zimmermann, 1780 |
Arta stammar opphavleg frå Alaska, arktisk Canada og Grønland, men den har og blitt introdusert ei rekke andre stader, mellom desse Noreg. Det er gjort fossile funn av moskusdyr i Noreg som viser at artat eller ein stor nær slektning må ha levd naturleg her under siste istid, men han vert altså ikkje rekna som ei naturleg art her, sjølv om han er ønska og beskytta av myndigheitane.
Moskusfe er einaste art i slekta Ovibos og tilhøyrer oksefamilien (Bovidae), der han sorterer under underfamilien Antilopinae, som består av antiloper, gaseller og deira næraste slekt. Dei næraste slektningane til arten er artane i gruppa med sauer og geiter.
På 1900-talet vart det utsett moskusfe kring Dovrefjell (frå 1932 av) og på Svalbard (1929). Det er no ein stabil moskusstamme på Dovrefjell, men på Svalbard er dei utdøydde.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.