Mosterøy
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mosterøy er ei øy og eit tidlegare sokn i Stavanger kommune. Mosterøy sokn har òg vore ein eigen kommune og er kjend for Utstein kloster som ligg på Klosterøy, nørdst i soknet. Europaveg 39 går over Mosterøy, som del av Rennfast-sambandet. Sjølve øya har 945 innbyggjarar (2013) og eit areal på 12 km².
Mosterøy (øy) | |
---|---|
Rennesøy (venstre) og Mosterøy (høgre). | |
Geografi | |
Stad | Boknafjorden |
Koordinatar | 59°05′00″N 05°38′11″E
|
Areal | 12 km²
|
Høgaste punkt | Mastravarden (154 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Rogaland |
Største busetnad | Askje
|
Mosterøy sokn hadde 1 944 innbyggjarar (2013) og eit areal på 23 km². 1.1.2024 ble soknet slått saman med Rennesøy sokn til nye Rennesøy sokn.
Mosterøy var frå mellomalderen delt på Askje sokn og Utstein kloster sokn. Askje omfatta øyane Bru og Sokn, vestre delen av Åmøy og søre delen av Mosterøy, mens Utstein kloster omfatta Klosterøy, Fjøløy og nordre delen av Mosterøy. 1899 vart dei to sokna slegne saman, og Mosterøy sokn vart skipa. Frå 1997 høyrer soknet til Tungenes prosti.[1]
Mosterøy var ei tid namn på ein kommune i Rogaland fylke, med Askje som kommunesenter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.