Mont Vinaigre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mont Vinaigre («Eddikfjell») er med 614 m[1], etter andre opplysningar 618 m[2] den høgste toppen i Esterelfjella, ein del av Provence.
Kjappe fakta
Mont Vinaigre | ||
---|---|---|
Mont Vinaigre | ||
Høgd over havet | 614 m | |
Land | Frankrike | |
Område | Provence | |
Fjellområde | Esterelfjella i Provence-Alpes-Côte d'Azur | |
Koordinatar | 43° 30′ 7″ N, 6° 49′ 10″ A | |
| ||
Bergart | porfyr |
Close
Fjellet ligg i kommunen Les Adrets-de-l’Estérel. Det er ein del av Forêt domaniale d' Esterel og står under naturvern.
Frå vest fører en skogsveg fram til nokre hundre meter under toppen og derfrå er det ein kjerreveg og seinare sti opp til toppen. Frå nord er det ein annan veg frå busetjinga Logis de Paris. Frå toppen er det ein fin utsikt over kysten til den italienske Riviera, til Massif de la Sainte-Baume, til Montagne Sainte-Victoire og til Alpane. Den gode tilgangen til toppen gjer at den er eit populært mål for terrengsyklistar.