Modalen er ein kommune i Vestland. Modalen er den kommunen i Noreg med nest lågast innbyggjartal, med berre 384 innbyggjarar. Kommunen har store inntekter frå vasskraft, men er òg ein stor eksportør av sand. Den største næringa er jordbruk, følgd av turisme og laksefiske i Modalselva. Kommunen hadde ikkje fast vegsamband før i 1976, då tunnelen til Eksingedalen vart bygd.
Modalen kommune | |||
kommune | |||
Foto: Tor-Egil Farestveit | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Mo | ||
Areal | 412 km² | ||
• land | 382 km² | ||
• vatn | 30 km² | ||
Folketal | 384 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Kjetil Eikefet (Samlingslista) | ||
Kommunenr. | 4629 | ||
Modalen 60.880555555556°N 5.9252777777778°E | |||
Kart som viser Modalen kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Modalen | |||
Nettstad: www.modalen.kommune.no | |||
Som første kommune i Noreg har Modalen tilbydd innbyggjarane sine eit trådlaust nettverk med internettilkopling til fritt bruk. Kommunen var òg den første som kjøpte datamaskinar til alle skuleelevar i 1993. Ressursane til dei store investeringane kjem hovudsakleg frå dei store inntektene frå vasskrafta.
Modalen kommunestyre har 13 medlemmer, og er ikkje partipolitisk samansett. Representantane kjem frå 2 bygdelister: Samlingslista for Modalen og Solrenningslista.
Av interesse i Modalen: Uni Micro (dataverksemd), Bryggjeslottet (samfunnshus, bowling, badebasseng), Coop Marked, Modalen Sjø og Fritid (turistverksemd) m.fl.
Tusenårsstad
Tusenårsstaden i Modalen er Mo kyrkje og området ho ligg på, der det har stått kyrkjer attende til rundt 1150-1200. Kyrkja som står der i dag vart bygd i 1883.
Utvikling av folkesetnaden i kommunen
Bakgrunnsstoff
- Frå bryggja i MoFoto: Petr Šmerkl
- Mostraumen sett frå lufta
- Modalen rådhus
- Skomakar
- Bensinstasjon
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.