Mirjam
kvinnenamn / From Wikipedia, the free encyclopedia
Miriam eller Mirjam er eit opphavleg hebraisk kvinnenamn (מִרְיָם). Tydinga av namnet er uklar, det kan tyda 'bitter', 'opprørsk' eller 'ønskt barn'. Det kan også koma frå det egyptiske namnet mry, 'kjærleik' eller 'elska'. «Miriam» har gjeve opphav til namnet Maria gjennom den greske avleiinga Mariam.
Ein kjend namneberarar er den eldre systera til Moses og Aron i Bibelen. Miriam har lenge vore brukt som førenamn av jødar. Etter reformasjonen blei også denne forma teke i bruk blant kristne.