sørafrikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Miriam Makeba (4. mars 1932–10. november 2008) var ein sørafrikansk songar som verka innan ei rekkje sjangrar, og blei kjend over heile verda. Makeba bidrog til å gjera afrikansk musikk kjend for eit større publikum. Ho engasjerte seg òg i kampen for menneskerettar, og var ein hard kritikar av det sørafrikanske apartheidregimet. Store delar av livet sitt levde ho i eksil.
Miriam Makeba | |||
Miriam Makeba og Dizzie Gillespie | |||
Fødd | 4. mars 1932 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Johannesburg Sør-Afrika | ||
Død | 10. november 2008 (76 år) i Castel Volturno Italia | ||
Dødsstad | Castel Volturno | ||
Fødenamn | Miriam Zenzi(le) Makeba | ||
Alias | Mama Africa | ||
Opphav | Algerie, Sør-Afrika | ||
Aktiv | 1953–2008 | ||
Sjanger | Marabi, verdsmusikk, folkemusikk, poprock, jazz | ||
Instrument | Vokalist | ||
Plateselskap | Strut, RCA Victor, Mercury Records, Kapp Records, Collectables, Warner Bros. Records, Reprise Records, Philips Records, Sonodisc | ||
Verka som | Artist, musikar, menneskerettsforkjempar | ||
Gift med | Stokely Carmichael, Hugh Masekela | ||
Born | Bongi Makeba | ||
Prisar | kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Polar Music Prize, Otto Hahns fredsmedalje, honorary degree from Spelman College, South African Music Awards, Order for Meritorious Service, Ikhamanga-ordenen |
Miriam Makeba sin best kjende song er truleg «Pata Pata» frå 1957, følgd av «The Click Song», ei tolking av ein tradisjonell xhosasong som gjer bruk av klikkelydar og swahilisongen «Malaika». Ho samarbeidde musikalsk med ei rekkje artistar, som Harry Belafonte, Dizzie Gillespie, Paul Simon og Hugh Masekela.
Som følgje av antiapartheidarbeidet sitt blei Makeba utestengd frå Sør-Afrika i 1960-åra. Etter eit vitnesbyrd for generalforsamlinga i SN i 1963 blei ho fråteken statsborgarskapet sitt. Sjølv leia ho ein kultur-boikott av landet. Ho kunne først venda tilbake til fødelandet etter at apartheidstyret fall i 1990.
Makeba var gift fleire gonger. I 1950 fekk ho sitt einaste barn, dottera Sibongile (Bongi). Ho var gift med musikaren Hugh Masakela frå 1962 til 1964. Frå 1968 til 1978 var ho gift med Stokely Carmichael (seinare Kwame Touré). Hans tilknyting til Black Panthers førte til at ho blei utestengd frå musikklivet i USA i ei årrekkje. Paret slo seg ned i Guinea, der Makeba budde i fleire år og blei gjort til SN-utsending for. Etter at dottera hennar døydde i barsel flytta ho til Brussel i Belgia.
Miriam Makeba var aktiv musikar også på sine eldre dagar. Ho døydde av hjarteåtak i 2008 etter å ha opptredd på ein konsert retta mot camorraen (mafiaen) i Napoli.
(utval)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.