Mira
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mira (òg kalla Omikron Ceti, ο Ceti, ο Cet) er ei raud kjempestjerne estimert til å liggje 200–400 lysår unna i stjernebiletet Kvalfisken. Mira er ei dobbeltstjerne, som består av den raud kjempa Mira A i lag med Mira B. Mira A er ei oscillerande variabel stjerne og var den første variable stjerna som vart oppdaga som ikkje var ein supernova, med Algol som eit mogeleg unntak. Mira er den mest lyssterke periodisk variable stjerna på himmelen som ikkje er synleg for det nakne auga i delar av syklusen sin. Avstanden er uviss. Estimat før Hipparcos var estimert til kring 220 lysår;[11] medan data frå Hipparcos frå 2007 indikerte ein avstand på 299 lysår, med ein feilmargin på 11 %.[12]
Kjappe fakta Karakteristikk, Astrometri ...
Observasjonsdata Epoke J2000.0 Ekvinoks J2000.0 | |
---|---|
Stjernebilete | Kvalfisken |
Rektascensjon | 02h 19m 20.79210s[1] |
Deklinasjon | –02° 58′ 39.4956″[1] |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | 3.04[2] (2.0 to 10.1)[3] |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | M7 IIIe[4] |
U−B fargeindeks | +0.08[5] |
B−V fargeindeks | +1.53[5] |
Variabel type | Mira |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | +63.8[6] km/s |
Parallakse (π) | 10.91 ± 1.22[1] mas |
Avstand | ca. 300 ly (ca. 90 pc) |
Detaljar | |
Masse | 1.18[7] M☉ |
Radius | 332–402[8] R☉ |
Luminositet | 8,400–9,360[8] L☉ |
Temperatur | 2918–3192[8] K |
Alder | 6[7] mrd. år |
Andre namn | |
Lukk