From Wikipedia, the free encyclopedia
Militærteknologi er teknologi utvikla for og brukt i krigføring. Slik teknologi er grunnleggjande for å krigføring. Menneske utan våpen har vanskar med å drepa, skada eller truga om å gjera dette effektivt. Teknologiske fordelar knytt til våpen og forsvar har truleg vore viktige til å sikra sigrar sidan førhistorisk tid. Oppfinninga av nye våpenteknologiar kan føra til såkalla våpenkappløp, der alle partar prøver å skaffa seg, forbetra eller forsvare seg mot den nye teknologien.[1] Armbrøst, kavaleri, kanon, skytevåpen, stridsvogn, u-båt og atomvåpen er nokre døme på militære teknologiar som har hatt innverknad på krigføring gjennom historia.
Militærteknologi og sivil teknologi kan begge ha innverknad på kvarandre. Nokre forskarar meiner utviklinga av til dømes metallurgi og skipskonstruksjon hang tett saman med utviklinga av militære middel. I tillegg til teknologi direkte knytt til krigføring kan ein også rekna trening og organisering av hærar, ulike kommunikasjonsmåtar, og planlegging og logistikk for å gje dei nødvendige forsyningar.[1]
Forsking på nye teknologiar til militær bruk blei særleg viktig frå 1900-talet av, då første og andre verdskrigen introduserte nye former for krigføring og tekniske nyvinningar kunne gje store fordelar. Den første verdskrigen er blitt kalla «kjemikarkrigen» både på grunn av introduksjonen av giftgass og fordi nitrat og avanserte høgeksplosiv hadde stor tyding. I løpet av krigen utvikla både tyske og britiske vitskapsfolk nye kjemikaliar og vernemiddel mot dei nyaste gassane frå fienden.[2] Men fysikarar bidrog også med utviklinga av trådlause kommunikasjonsteknologiar og lyd-baserte måtar å oppdaga u-båtar på.[3] Under andre verdskrigen blei fokuset på utvikling av militærteknologi enormt, og ein fekk ei rekkje nye oppfinningar som jetfly, radar, nærleiksbrannrøyr, ballistiske missil og ikkje minst atomvåpen under det målretta Manhattan-prosjektet. Under begge krigane bidrog den sivile industrien til miliærteknologien, men særleg under andre verdskrigen blei bidrag frå akademikarar svært viktige.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.