From Wikipedia, the free encyclopedia
Militærstab (kan vera genralstab, hærstab, marinestab, eller luftstab innan dei ulike forsvarsgreinene) er ei gruppe offiserar, vernepliktige og sivilt personal som har ansvar for administrative, operasjonelle og logistiske funksjonar i den militære avdelinga som staben verkar for. Militærstaben styrer informasjon mellom avdelingssjefen og underlagde einingar. Motsett vil òg informasjon frå sensorar og underlagde einingar verta filtrerte til avdelingssjefen og leiinga slik at berre viktige data som basis for slutningar som sjefen skal ta, kjem fram.
Tala frå 1 til 9 nedanfor er ikkje prioritetar, men ei vanleg oppdeling i militære stabar som skriv seg frå gamal fransk praksis: 1 har ikkje høgare status enn 2. Dømet er henta frå SHAPE strukturen:[1]
I norske militære stabar vert det same prinsippet nytta, og vi brukar gjerne til dømes G-2 for etterretningssjef på brigadenivå, og S-2 for etterretningssjefen på bataljonsnivå. Dette er også brukt i tyske stabar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.