From Wikipedia, the free encyclopedia
Mikkel Bjørnebo Jensen Niva (fødd 1. oktober 1988) er ein norsk improvisatør, manusforfattar og skodespelar.[1] Han kjem frå Elverum og vaks opp i Sarpsborg.[2]
Mikkel Niva | |||
| |||
Fødd | 1. oktober 1988 (35 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Elverum | ||
Fødenamn | Mikkel Bjørnebo Jensen Niva | ||
Verka som | skodespelar, manusforfattar, programleiar, radioprogramleiar, komikar, faglitterær forfattar |
Niva var åtte år gammal då han debuterte på teaterscena. Debutrolla hans var rolla som smånisse i Putti, Plutti Pott, men han hadde større ambisjonar.[3]
Niva er medlem i ensemblet ved Det Andre Teateret, og medverkar som «Kjendis-Niva» i spelpodkasten Samspill.[4] Niva har òg vore med i TV-program som Alt er lov, Brille, Broshow og Torsdag kveld fra Nydalen.[5] I tillegg hadde han ein liten opptreden i programma Adventslekene (i rolla som drittsekk) og Berrum & Beyer.[6][7]
I 2018 sende NRK dokumentar-serien Uten Pappa, som dreia seg om Nivas lengsle etter ein farsfigur.[8]
Niva er òg med i humor-podcasten Friminutt saman med Herman Flesvig.[9]
Niva var programleiar i Julemorgen på NRK i 2016 og leia Sommeråpent i 2017 frå Gran, Flå, Finse, Flåm og Voss saman med Haddy Njie.[10][11] Det same året leia han òg TV-aksjonen 2017[12] og MGPjr 2017.[13] I 2019 leia han Melodi Grand Prix Junior, Sommeråpent, TV-aksjonen og Kvelden før kvelden.[14]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.