From Wikipedia, the free encyclopedia
Michela Figini (fødd 7. april 1966) er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Ho vart olympisk meister i utfor i 1984, og verdsmeister i same greina i 1985. Figini, som er fødd i Prato i Italia, vann Verdscupen i alpine greiner for kvinner både i 1985 og 1988. Til saman vann 26 renn i verdscupen i tida 1984-90.
Michela Figini | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 7. april 1966 (58 år) Prato i Leventina |
Idrett | alpint |
Tok del i | alpine skiing at the 1984 Winter Olympics – women's downhill, Alpint under Vinter-OL 1988 – Super-G kvinner |
Utmerkingar | Årets idrettsutøvar i Sveits |
Figini vann i slutten av januar 1984 sitt første renn i verdscupen i utfor i Megève. Få veker seinare vann ho OL-gullet i utfortevlinga i Sarajevo. Året etter vart ho verdsmeister i utfor i Santa Caterina. Ho vann i 1985 også verdscupen og utforcupen. Seinare, 1987-89, vann ho utforcuptrofeet tre år på rad.
Under verdsmeisterskapen i alpint 1987 i Crans-Montana, tok Figini sølv i både utfor og super-G. I vinter-OL 1988 i Calgary tok ho sølvmedaljen i super-G bak Sigrid Wolf frå Austerrike. 1988-sesongen var ho verdas beste kvinnelege alpinist, for andre og siste gong.
I 1989 kom Figini på tredjeplass i verdscupen. Hennar beste plassering i verdsmeisterskapen i Vail var likevel ein åttandeplass i utfor. Nesten på dagen seks år etter sin første siger i verdscupen, vann ho utforrennet i Santa Caterina 27. januar 1990. Det vart hennar siste siger i verdscupen. Samanlagt i 1990-sesongen kom ho på åttandeplass, hennar lågaste plassering dei sju sesongane ho høyrde til verdseliten.
Figini la opp i 1990. Ho var ei tid gift med den italienske skialpinisten Ivano Cammozzi og har to born med han. I dag bur ho i Lugano.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.