Michel Kafando
From Wikipedia, the free encyclopedia
Michel Kafando (fødd 18. august 1942) er overganspresident i Burkina Faso sidan november 2014.[1] Han er ein tidlegare diplomat og minister som var SN-ambassadør for frå 1998 til 2011 og utanriksminister for Øvre Volta (dagens Burkina Faso) frå 1982 til 1983.[2]
Michel Kafando | |||
![]() | |||
Fødd | 18. august 1942 (81 år) Ouagadougou | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Burkina Faso | ||
Parti | partilaus | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Utdanna ved | Sciences Po Université de Bordeaux | ||
Alle verv |
Etter at president Blaise Compaoré gjekk av som følgje av massedemonstrasjonar 31. oktober 2014 blei Kafando vald til overganspresident i eit år fram til presidentvalet. Han blei teken i eid 18. november 2014.
Kafando er fødd i Ouagadougou. Han har ein bachelorgrad i juss frå Universitetet i Bordeaux frå 1969, eit diplom i statsvitskap frå Paris og eit frå Institut de hautes études internationales et du développement (IHEID) i Génève, begge frå 1972. I 1990 tok han doktorgrad i statsvitskap ved Sorbonne. Han er gift og har eit barn.[2]