From Wikipedia, the free encyclopedia
Michael Joseph Jackson (29. august 1958–25. juni 2009)[1] var ein amerikansk artist, underhaldar og forretningsmann. Han var det sjuande barnet i Jackson-familien og debuterte som profesjonell musikar då han var elleve år, som medlem av The Jackson 5.
I 1971 byrja han solokarrieren sin medan han framleis var med i familiegruppa. Han har vorte referert til som «popkongen», og fem av soloalbuma hans er mellom dei mestseljande platene i verda: Off the Wall (1979), Thriller (1982), Bad (1987), Dangerous (1991) og HIStory (1995).
Tidleg på 1980-talet vart han ein dominerande figur i popmusikken og den fyrste afroamerikanske artisten som samla store tilhengjarskarar frå fleire sjangrar gjennom MTV. Populariteten til musikkvideoane han som vart sende på kanalen, slik som «Beat It», «Billie Jean» og «Thriller», var svært viktig for veksten til den då relativt nystarta kanalen. Det har seinare vorte hevda at Jackson var den som gjorde musikkvideoen om til ei kunstform og eit viktig middel i marknadsføring av musikk generelt. Videoar som «Black or White» og «Scream» gav han popularitet på MTV også vidare utover på 1990-talet. Gjennom sceneopptredenane og musikkvideoane sine, gjorde han fleire fysisk vanskelege danseteknikkar, som til dømes robot og moonwalk, svært populære. Den eigenarta musikk- og songstilen hans har også inspirert seinare hip-hop-, pop- og R&B-artistar.
Michael Jackson vart kjend for det spesielle dansetrinnet kalla «moonwalk» på 80-talet. Dansetrinnet gjer ein illusjon av at ein går framover medan ein eigentleg går bakover. Michael Jackson viste trinnet på ei motownsending der han framførte «Billie Jean» den 25. mars 1983.
Dette er ei liste over studioalbuma til Michael Jackson, og dei respektive salstala deira på verdsbasis.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.