Metropol
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Metropol kan vera ein storby eller ein konurbasjon som har stor økonomisk, politisk og kulturell tyding for eit land eller ein region, og som er eit regionalt eller nasjonalt knutepunkt for næringsliv og offentlege kommunikasjonar og tenester. Omgrepet kjem av gresk metropolis (μητρόπολις) og tyder «moderby» i ein koloni i antikk forstand, dvs. ein by som sender ut busetjarar. Tydinga blei etterkvart generalisert til ein kvar by som var sentrum for ein viss aktivitet, eller ein kvar stor og viktig by innanfor ein stat. Ein stor by som tilhøyrer ein større tett busetnad blir ikkje sett på som ein metropol, men som ein del av ein (større) metropol eller metropolregion. Det er sterkt varierande definisjonar av kva for byar og område som bør reknast som metropolar.
Metropol er eit gresk ord, avleidd frå μήτηρ, mḗtēr, «mor», og πόλις, polis, «by», som er kome til norsk via fransk.[1][2] I antikken utvandra delar av ein gresk by, polis, til ein ny stad og etablerte ein ny by, ein koloni av den gamle. Sistnemnde blei referert til «moderbyen», metropolis, og som den nye byen heldt på kultiske (religiøse) og politiske-kulturelle kontaktar med.
På latin blei ordet metropolis nytta i tida etter antikken for å visa til hovudbyen i ein provins, setet til regjeringa, og særleg i kyrkjeleg bruk for setet eller bispedømet til ein metropolitt, det vil seia ein biskop der dei attverande bispedømma i kyrkjeprovinsen blir kalla suffraganbispedømme. Bispedømmet hans blir kalla metropolitanbispedømme og er vanlegvis eit erkebispedømme. Den høgare rangordninga gjeld først og fremst i administrative og rettslege spørsmål; i åndeleg forstand er biskopar og metropolittar sidestilte. I dag er den administrative og rettslege overhøgda til ein katolsk metropolitt stort sett avgrensa til ettersyn.[3]
I dagens moderne samfunn er ordet metropol nytta for å visa til eit storbyområde, det vil seia ei rekkje av tilstøytande og tilknytte byar som ligg klemt opp mot eit større urbant senter. Mange store byar som blei grunnlagde av antikke sivilisasjonar har blitt rekna som viktige metropolar, storbyar, grunna tydinga og den store folkesetnaden deira. Ein del av desse antikke metropolane eksisterer enno og er blant dei eldste, uavbrote folkesette byane i verda. Etter moderne bruk er Roma vurdert som den aller første metropolen. Han hadde rundt ein million innbyggjarar i år 1 og hadde ein urban kultur som omfatta arkitektoniske prestasjonar, som akveduktar, som ikkje blei overgått på fleire hundre år.[4]
I norsk samanheng er det berre byane Oslo,[treng kjelde] Bergen[5] og Trondheim[6] med omkringliggande forstader, som kan reknast som metropolar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.