![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/10/15_meters_below_sea_level.jpg/640px-15_meters_below_sea_level.jpg&w=640&q=50)
Meter under havet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Meter under havet (forkorta muh. eller m u.h.)[1] viser til plasseringa av eit punkt i høve til gjennomsnittleg havnivå. Forkortinga er noko brukt i tekst, men normalt ikkje på kart, ettersom desse oppgjev høgder i meter over havet for å vera konsekvente. På kart kan derfor talet for meter under havet visast som eit negativt tal meter over havet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/10/15_meters_below_sea_level.jpg/640px-15_meters_below_sea_level.jpg)
Daudehavet ligg 408 meter under havet, noko ein anten kan gje att som 408 muh. eller som −408 moh.