Messias
From Wikipedia, the free encyclopedia
Messias (hebraisk משיח maschiach, også moschiach, arameisk meschiah) er eit omgrep frå jødedommen og kristendommen som i utgangspunktet betyr 'salva'.[1]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Messias (fleirtyding).
Omgrepet er kjend frå Det gamle Testamentet og jødisk tradisjon, der det som regel viser til kongen, sjølv om det også kan visa til den salva presten (øvstepresten) eller dei som er salva av anden (profetane).[1] Den greske omsetjinga av messias er khristos, som har gjeve den vanlegaste nemninga for Jesus i Det nye testamentet, Kristus.[1]