From Wikipedia, the free encyclopedia
Meerut er ein by i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Han er administrasjonsby for eit distrikt med same namn. Ved folketeljinga i 2011 hadde han 1 305 429. innbyggjar.[1] På same tid hadde storbyområdet 1 420 902. innbyggjar, inklusive garnisonbyen ved Meerut og nokre andre mindre forstader.[1]
Meerut मेरठ ⓘ | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Uttar Pradesh | ||
Areal | 141,94 km² | ||
Folketal | 1 305 429 (2011) | ||
Meerut 28.99°N 77.7°E | |||
Wikimedia Commons: Meerut | |||
Byen ligg 80 km nordaust for den indiske hovudstaden New Delhi og 480 km vest for delstatshovudstadem Lucknow.[2]
Meerut er særs gammal. Han var ein av dei seksten storbyane i riket til Ashoka, og det blei reist ei asjokasøyle her. Byen var òg ein viktig valdfartsstad for buddhistar.
Byen blei erobra av muslimar for fyrste gong i 1192, og blei plyndra av Timur Lenk i 1399. Området nær Ganges og Yamuna i Uttar Pradesh der Meerut ligg blei overlate av den lokale herskaren til britane i 1803. Han er rekna som staden der det indiske opprøret, også kjent som sepoyopprøret, braut ut i 1857.[2]
Meerut legg mellom elveslettene til Ganges og Yamuna. Jordsmonnet i området er fruktbart, og høver til å dyrka kveite, sukkerrøyr og grønsaker i.[3]
Meerut har monsunpåverka fuktig subtropisk klima kjenneteina av varme somrar og kjøligare vintrar. Sommaren byrjar typisk tidleg i april og varer til seint i juni med ekstremt høge temperaturar, opp til 49 °C.[3] Monsunen byrjar seint i juni og heldt fram til midten av september. Då går temperaturen litt ned, og vêret er overskya med høgare luftfukt. Temperaturane går opp att i oktober og byen har ei mild, tørr vintertid frå november til midten av mars.[3] Den lågaste temperaturen ein har målt her er −0,4 °C , målt 6. januar 2013.[4] Den årlege nedbørsmengda er kring 845 millimeter, det meste kjem i monsuntida. Luftfukt varierer frå 30 til 100 %.[3]
Vêrdata for Meerut (1971–2000) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 29,3 | 32,2 | 39,5 | 43,5 | 45,8 | 46,1 | 46 | 40 | 39 | 38 | 34,5 | 30 | 46,1 |
Gjennomsnittleg maks °C | 21,9 | 23,1 | 28,7 | 36,3 | 39,1 | 37,6 | 33,6 | 32,6 | 33,7 | 32,8 | 28,6 | 23,5 | 31,1 |
Gjennomsnittleg min °C | 7,2 | 9,1 | 13,8 | 19,9 | 24,3 | 26 | 25,9 | 25,5 | 23,6 | 18,2 | 12,4 | 8 | 17,7 |
Lågast målte °C | −0,4 | 0,1 | 5,4 | 8,3 | 15,4 | 17,7 | 16,5 | 19 | 15,7 | 7,2 | 1,8 | 0,2 | −0,4 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 19,7 | 24,9 | 24,4 | 12,8 | 19,1 | 71,2 | 269 | 264,7 | 95,4 | 25,9 | 4,3 | 13,4 | 845 |
Gns. dagar med regn | 1,5 | 1,7 | 1,7 | 0,9 | 1,6 | 3,9 | 10,2 | 9,4 | 4,2 | 1,6 | 0,4 | 0,9 | 38 |
Gns. luftfukt (%) | 88 | 83 | 75 | 54 | 58 | 68 | 81 | 84 | 83 | 78 | 79 | 86 | 76 |
Kjelde: India Meteorological Department (record high and low up to 2012)[5][6][7][8] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.