Matterhorn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Matterhorn (fr.: Mont Cervin eller Le Cervin, it.: Monte Cervino) er eit av dei best kjente fjella i Alpane. Fjellet ligg på grensa mellom Sveits og Italia og er 4 478 m.o.h. Pyramideforma er svært karakteristisk og har mellom anna vore inspirasjon for Toblerone-sjokoladen.
Matterhorn | |||
it. Monte Cervino fr.: Mont Cervin eller Le Cervin | |||
fjell | |||
Matterhorn sett frå Zermatt | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | grensa mellom Italia og Sveits | ||
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 478 moh. | ||
Primærfaktor | 1 040 m ↓ Col Durand mot Weisshorn | ||
Sekundærfaktor | 13,7 km → Liskamm-Westgipfel | ||
Koordinatar | 45°58′35″N 7°39′30″E | ||
Lettast tilkomst | Hörnliryggen (AD, fjellklatring) | ||
Førstestiging | Edward Whymper | ||
- dato | 14. juli 1865 | ||
![]() Matterhorn 45.976388888889°N 7.6586111111111°E / 45.976388888889; 7.6586111111111 | |||
Wikimedia Commons: Matterhorn | |||
Fjellet kan sjåast godt frå den sveitsiske tettstaden Zermatt i Valais og den italienske tettstaden Breuil-Cervinia i Val Tournanche.
Matterhorn har fire sider, som kvar vender mot kvar sin himmelretning. Nordsida vender mot Zmuttdalen, sørsida mot Breuil-Cervinia, austsida mot Gornergrat og vestsida mot Dent d'Hérens. Sidene er bratte og berre små område med snø og is dekkjer dei. Det går ofte snøras slik at det samlar seg snø på isbreane ved foten av fjellet. Hörnliryggen frå nordaust er den vanlegaste ruta til toppen. Nordsida av Matterhorn vert rekna som ein av Dei seks store nordsidene i Alpane.