From Wikipedia, the free encyclopedia
Matsumoto (松本市, Matsumoto-shi) er ein by i Nagano prefektur i Japan.[2] Matsumoto har hatt status som kjerneby sidan 1. april 2021.[3] I 2019 hadde han 239 466 innbyggjarar i 105 207 hushald,[4] og ein foketettleik på 240 personar per km². Det totale arealet til byen er 978,47 km².
Matsumoto | |||
by | |||
|
|||
Land | Japan | ||
---|---|---|---|
Region | Chūbu | ||
Prefektur | Nagano | ||
Areal | 978 770 000 km² | ||
Folketal | 239 115 (1. mars 2021)[1] | ||
Matsumoto i Nagano 36.238°N 137.97197222222°E | |||
Wikimedia Commons: Matsumoto, Nagano | |||
Matsumoto ligg sentralt i Nagano prefektur omgjeve av fjell. Byen ligg kring 75 kilometer sør for prefekturhovudstaden Nagano, og 167 kilometer frå sentrale Tokyo. Dei 3000 meter høge Hidafjella ligg vest for byen, medan det 3190 meter høge Hotakadake-fjellet ligg på grensa mellom Matsumoto og Takayama i Gifu som det høgaste punktet innanfor bygrensa.
Matsumoto ligg i den tidlegare Shinano-provinsen, og var provinshovudstad frå Heiantida av. I Edotida utvikla byen seg kring Matsumotoborga i Matsumoto-doment under Tokugawa-shogunatet. Dagens Matsumoto bykommune blei skipa ved innføringa av kommunesystemet 1. april 1889. Han fekk bystatus 1. mai 1907.
Ifølgje tal frå japanske folketeljingar[5] har folkesetnaden i Matsumoto nyleg blitt stabil etter ein lang periode med vekst.
År | Bef. | ±% |
---|---|---|
1940 | 154 182 | — |
1950 | 183 775 | +19,2 % |
1960 | 190 076 | +3,4 % |
1970 | 203 571 | +7,1 % |
1980 | 223 496 | +9,8 % |
1990 | 233 756 | +4,6 % |
2000 | 243 465 | +4,2 % |
2010 | 243 070 | −0,2 % |
2020 | 241 145 | −0,8 % |
Vêrdata for Matsumoto (1991–2020-normalar, ekstremar frå 1898 til no, høgd 610 m) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 18,8 | 21,1 | 25,9 | 30,9 | 33,6 | 35,9 | 37,9 | 38,5 | 36,1 | 31,8 | 25,6 | 21,5 | 38,5 |
Gjennomsnittleg maks °C | 5,1 | 6,6 | 11,2 | 17,9 | 23,6 | 26,4 | 30 | 31,4 | 26,2 | 19,8 | 13,9 | 8 | 18,4 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −0,3 | 0,6 | 4,6 | 10,8 | 16,5 | 20,2 | 24,2 | 25,1 | 20,4 | 13,9 | 7,8 | 2,5 | 12,2 |
Gjennomsnittleg min °C | −4,9 | −4,5 | −1 | 4,4 | 10,4 | 15,4 | 19,8 | 20,5 | 16,2 | 9,2 | 2,6 | −2,2 | 7,2 |
Lågast målte °C | −24,8 | −20,4 | −17,9 | −10,1 | −2,7 | 2,3 | 10,2 | 8 | 3 | −3,6 | −8,4 | −19,2 | −24,8 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 39,8 | 38,5 | 78 | 81,1 | 94,5 | 114,9 | 131,3 | 101,6 | 148 | 128,3 | 56,3 | 32,7 | 1 045,1 |
Gjennomsnittleg snø cm | 33 | 22 | 12 | 1 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 8 | 76 |
Gns. nedbørsdagar (≥ 0.5 mm) | 6 | 6,1 | 9 | 9,1 | 9,1 | 11,3 | 13 | 10,3 | 10,6 | 9,2 | 6,5 | 6,6 | 106,9 |
Gns. snødagar | 16,2 | 13,3 | 11,1 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0,1 | 2,6 | 12 | 55,3 |
Gns. luftfukt (%) | 67 | 64 | 62 | 58 | 60 | 69 | 71 | 70 | 74 | 75 | 71 | 69 | 68 |
Gns. solskinstimar i månaden | 172,5 | 171,2 | 190,9 | 204,8 | 215,6 | 166,3 | 174,8 | 202,9 | 151 | 160,9 | 163 | 160,9 | 2 134,7 |
Kjelde: Japan Meteorological Agency[6][7] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.