Matematisk filosofi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Matematisk filosofi er ei grein innan filosofien som handlar om det filosofiske grunnlaget for matematikken, som prøvar å svare på spørsmål omkring fundamentale antakingar innan matematikken og følgjer av desse. Eit av hovudmåla med matematisk filosofi er å skildre matematikken sin eigenart og metode, gjerne i høve til andre vitskapar. Eit anna mål er å definere matematikken si rolle i dagleglivet til menneske. På grunn av den indre logikken og strukturen ein finn i matematikk som fag gjev det den matematiske filosofien ei særstilling innan filosofien. Matematikken kan også i seg sjølv seiast å vere ei grein av filosofien, og særskild ein del av logikken[1]. Dette synet vert gjerne kalla det logikistiske synet.