From Wikipedia, the free encyclopedia
Mary Leakey (6. februar 1913–9. desember 1996) var ein britisk paleoantropolog. Ho oppdaga den første fossiliserte Proconsul-skallen, ein utdøydd primat som ein no trur er ein forløpar for menneske. Ho oppdaga også ein robust Zinjanthropus-skalle i Olduvaidalen i Tanzania.
Mary Leakey | |||
Leakey i 1977 | |||
Fødd | Mary Douglas Nicol 6. februar 1913 London i England | ||
---|---|---|---|
Død | 9. desember 1996 (83 år) Nairobi i Kenya | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | Paleoantropologi | ||
Yrke | antropolog, arkeolog, forhistoriker, paleoantropolog, biolog, paleontolog | ||
Kjend for | Zinjanthropus-fossil; Laetoli-fotspora | ||
Ektefelle | Louis Leakey | ||
Barn | Jonathan Leakey, Richard Leakey, Philip Leakey | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences |
I mykje av livet arbeidde ho saman med ektemannen Louis Leakey i Olduvai. Her oppdaga dei fossilar av gamle Homininae (store afrikanske apar) og dei tidlegaste eksemplara av Hominini, ei gruppe som omfattar sjimpansar og menneske. Dei fann også steinreiskapar laga av den sistnemnde gruppa. Mary Leakey utvikla eit klassifiseringssystem for reiskapane funne i Olduvai. Ved Laetoli oppdaga ho 3,7 millionar år gamle Hominini-fossil og fotspor som då var det eldste provet på oppreist gange.
Gjennom karrieren oppdaga Leakey femten nye dyreartar og medverka til å namngje ei ny biologisk slekt. I 1972, etter at ektemannen døydde, blei Leakey leiar for utgravingane i Olduvai. Ho lærte også opp sonen Richard til å fortsetja den arkeologiske familietradisjonen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.