Maruv
From Wikipedia, the free encyclopedia
Anna Korsun (fødd 15. februar 1991) er ein ukrainsk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Korsun er betre kjend under artistnamnet Maruv – stilisert som MARUV. Ho bur og jobbar i hovudstaden Kiev.[1] I februar 2019 vann Maruv den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Siren Song», og vann dimed retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2019.[2][3] Men etter sigeren kunngjorde den ukrainske kringkastaren UA:PBC at dei ikkje ville la Maruv representere landet i Eurovision Song Contest, og fire dagar etter trekte Ukraina seg frå tevlinga.[4][5][6]
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Maruv | |||
| |||
Fødd | 15. februar 1991 (33 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pavlohrad | ||
Fødenamn | ukrainsk Ганна Корсун, Hanna Korsun, russisk А́нна Бори́совна Ко́рсун, Anna Borisovna Korsun | ||
Alias | Maruv | ||
Opphav | Ukraina | ||
Aktiv | 2013– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Warner Music Russia, Sony Music Entertainment | ||
Verka som | songar, komponist, musikkprodusent, lyrikar, produsent, plateartist, filmprodusent | ||
Prisar | M1 Music Awards, MTV Europe Music Award for Best MTV Russia Act, YUNA, Realnaja premija MusicBox, ZD Awards, Song of the Year |
Lukk