From Wikipedia, the free encyclopedia
Marja-Liisa Olthuis (fødd 9. august 1967 i Partakko i Enare) er ein samisk lingvist og forfattar som jobbar med enaresamisk.
Marja-Liisa Olthuis | |||
| |||
Fødd | Marja-Liisa Mujo 9. august 1967 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Finland | ||
Yrke | lingvist | ||
Medlem | Complementary Aanaar Saami Language Education |
Olthuis vart fødd i 1967 som dotter av Elias Mujo (Sammlii-Kaabi Eljis) og kona Elsa (Piätárii-Heendâ Heeihâ Elsa, tidlegare Elsa Aikio). Då ho var fire år gamal døydde faren og bestefaren i ei snøskuterulukke. Ho byrja på grunnskulen i Partakko i 1974 og fortsette skulegangen i Utsjok og Nuorgam. Då mor hennar gifta seg på nytt, flytte familien til Kuhmo, der Marja-Liisa avslutta skulelaupet. I 1992 gjekk ho ut frå Uleåborgs universitet med ein mastergrad i filosofi. Det same året flytte ho med ektemannen sin til Nederland.[1]
Olthuis har òg skrive fleire skjønnlitterære bøker og dikt. For barneboka Njobžâvääri pessijâšmarkkâneh vart ho utmerka med ei oppføring på æreslista til International Board on Books for Young People (IBBY).[2] I 2021 gav ho ut den fyrste enaresamiske science fiction-boka nokon sinne, Masa jo mánudáást.
I 2020 vart ho tildelt Linguapax International Award for det vellukka arbeidet sitt med å revitalisere det enaresamiske språket.[3]
Ho bur i Nederland saman med mannen sin og dei to døtrene deira. Dei pratar enaresamisk heime.[1]
Olthuis fullførte lisensiatgraden sin, ein grad mellom master og doktorgrad, i 2001. I 2007 forsvarte ho doktorgraden i enaresamisk språk på enaresamisk. Ho var den fyrste til å forsvare ein doktorgrad på enaresamisk.[4] I samarbeid med Uleåborgs universitet starta ho i 2009 opp eit eittårig intensivkurs i enaresamisk. Dette er ei vidareutdanning meint å gjennopplive språket, og rettar seg fyrst og fremst mot yrkesgrupper som har mykje kontakt med born og ungdom. Deltakarane vart nøye utvalde med tanke på behova til det samiske samfunnet. I laupet av to år vart prosjektet fullstendig finansiert av den finske staten, og deltakarane får betalt tilsvarande den løna dei hadde i det førre yrket sitt medan dei deltek. [3] Olthuis har skrive ei ordbok og ein grammatikk for å fremje det enaresamiske språket. Ho utviklar språkprogram som skal gjeva born og ungdom aktive språkkunnskapar. Interessene hennar omfattar dei samiske språka, finsk, språkrevitalisering, leksikologi, andre- og framandspråksopplæring og omsetjing.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.