From Wikipedia, the free encyclopedia
Mariakyrkja eller Mariakirken er ei mellomalderkyrkje som står i Bergen. Kyrkja er den mellomalderkyrkja i byen som er best teken vare på. Mariakyrkjer fanst òg i Nidaros, Oslo, Sarpsborg og Tunsberg. Desse kyrkjene vart oppkalla etter den heilage jomfru Maria.
Mariakyrkja | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Prosti | Bergen domprosti | ||
Lengd | Heil lengd 40 m, skip 23 m, breidd 18 m m | ||
Periode | Romansk med gotisk kortilbygg | ||
Arkitekt | Bygghytte | ||
Teknikk | Mur, kvelv | ||
Tårn | To vesttårn | ||
Portal | Fire, sørportalen romansk, bevarte kapitelar | ||
Kor | Gotikk 17 m x 10 m | ||
Skip | Midtskip, to sideskip | ||
Kyrkjegard | Gamal kyrkjegard ikkje i bruk, gravstøtter frå 1700- og 1800-talet | ||
Preikestol | Hollandsk, Hemisfære med stjerneteikn, statuar av dydar | ||
Altar | Alterskap, sengotikk, Maria omgjeve av helgenar og apostlar, laga 1470-80, Tysk | ||
Diverse | Murmaleri i skip og sideskip, statuar av apostlar i koret. Eksteriøret av kyrkja er skada av eksos og sur nedbør | ||
Mariakyrkja i Bergen 60.39888889°N 5.32361111°E | |||
Wikimedia Commons: Mariakirken, Bergen | |||
Truleg er Mariakyrkja det eldste bygget i Bergen som framleis står. Det eldste murverket er frå midtre del av 1100-talet, bygd med kleberstein frå Lykling på Bømlo. Mariakyrkja har to tårn, og er i romansk stil med innslag av høggotiske drag i koret. Kyrkja har Noreg sitt fyrste vindauga av glas. Det fekk ho i 1336, då eit tysk glasmåleri vart testamentert til kyrkja og sett inn i ein glugge i den nordlegaste korveggen.
Kyrkja er ein basilika, ho har eit langhus med eit høgt midtskip og to lågare sideskip. Midtskipsmurane har arkaderekkjer med pillarar knytt saman med bogar og triforiegangar inne i murverket med todelte opningar inn mot kyrkjeromet. Det er ikkje klerestorievindauge over triforiegangane slik det vanlegvis er i ein basilika. Kyrkja har to vesttårn og fire portalar. Den vakraste er sørportalen som er seinromansk.
Kyrkja ligg bak den nordlegaste delen av Bryggen. Denne delen av Bryggen brende ned til grunnen i ein storbrann i 1955, og er erstatta med nybygg etter at det var gjort store arkeologiske utgravingar. No ligg Bryggens Museum rett attmed kyrkja på vestsida.
Mariakyrkja er truleg bygd ei gong på på 1100-talet, mellom 1130 og 1170. Mariakyrkja brende i 1198 og i 1248. Etter 1248 vart koret påbygd. Det opphavlege koret er den delen som ligg vest i koret.
Kyrkja var soknekyrkje for dei tyske kjøpmennene i Bergen mellom 1408 og 1766. Eit anna namn på desse kjøpmennene var hanseatane. Kyrkja vart teken over av kongen etter at dei siste bryggegardane hadde vorte selde. Etter den tid var Mariakyrkja kyrkje for den tyske kyrkjelyden i Bergen til ho i 1874 vart vanleg soknekyrkje. Fram til 1906 var det nokre tider gudsteneste på tysk. Sjølv etter den tid har kyrkja på folkemunne vorte kalla «tyskekirken» eller «tyskekyrkja».
Mariakyrkja har eit av dei finaste alterskåpa som finst i noka norsk kyrkje. Det er truleg laga i Lübeck mot slutten av 1400-talet. Det er tredelt og når det er ope, ser vi inn i ei framstilling av himmelen. Dette ser vi av di der er gullgrunn bak figurane. Figurane vert då omgjevne med eit himmelsk ljos. I midten er jomfru Maria med barnet. Kring henne er Olav den heilage, under han den heilage Antonius. På den andre sida er St. Katharina frå Alexandria og under henne St. Dorothea frå Cesarea i Kappadokia. På fløyene er alle apostlane med unntak av Judas. Judas er erstatta med Paulus. Når skåpet er lukka syner måleri på baksida med Jesus sin fødsel, Dei vise menn si tilbeding, den heilage Birgitta sin visjon slik ho fekk han på ei pilegrimsferd til Betlehem i 1372 og den såkalla gregormessa. Gregorsmessa gjev uttrykk for dogmet om at brødet og vinen bokstaveleg tala vart endra til Kristus sin lekam og blod. Framstillinga ovanfor av ei krossfesting er ei seinare tilføying.
Den fyrste organisten i Mariakyrkja er nemnd i 1563, so det er rimeleg å tru at kyrkja hadde orgel allereie då. Eit nytt orgel stod klart i 1865, og vart ombygt av Heinrich Ivers i 1928.
Det noverande orgelet vart bygt av Paul Ott frå Göttingen, Tyskland i 1974. Som dei tidlegare instrumenta var det ei gåve frå kyrkjelydar i den evangelisk-lutherske kyrkja i Tyskland.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.