From Wikipedia, the free encyclopedia
Hans Marcus Wandt (fødd 22. september 1980) er ein svensk ingeniør, jagarflypilot, oberstløytnant og astronaut i Den europeiske romfartsorganisasjonen.
Marcus Wandt | |||
| |||
Fødd | Hans Marcus Wandt 22. september 1980 Mora församling | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Sverige, Noreg | ||
Yrke | romfarar, ingeniør, jagerpilot, flyvåpenoffiser | ||
Institusjonar | Den europeiske romfartsorganisasjonen | ||
Alma mater | Sundsta-Älvkullegymnasiet Chalmers tekniska högskola Militärhögskolan Karlberg | ||
Medlem | 2022 European Space Agency Astronaut group |
Han vart fødd i tettstaden Mora i Dalarnas län og voks opp på Hammarö utanfor Karlstad i Värmland.[1] Igjennom den norske mor si har han òg norsk statsborgarskap. Av denne grunn vart han i norsk presse omtala som svensknorsk.[2][3]
Wandt studerte ved Chalmers tekniska högskola frå 2000 til 2007, der han tok mastergrad som elektroingeniør. Han har òg gått igjennom befalsutdanninga på Militärhögskolan Karlberg.[4][5]
I 1999 vart han fallskjermjeger i det svenske forsvaret. I perioden mellom 2004 og 2013 var han jagarflypilot i Svenska flygvapnet. I 2006 etablerte han og vart direktør i selskapet Intuitech AB, som fokuserte på taktisk trening av jagarflypilotar. I 2014 byrja han som testpilot ved SAAB Aeronautics, og tiltredde i 2020 som sjef for testpilotane og leiar av flyoperasjonane same stad.[5][6][7]
Wandt vart teken opp som reserve i astronautprogrammet til ESA ved opptaket i november 2022. Frå 1. juni 2023 vart han innrullert i European Astronaut Corps som astronaut ved Den internasjonale romstasjonen (ISS).[5][8][9] Svenske styresmakter hadde saman med det svenske forsvaret og næringslivet finansiert ei kommersiell romferd i regi av Axiom Space (som har kalla prosjektet for «Axiom Mission 3»).[10] Ferda til og frå romstasjonen var det SpaceX som stod for.[11]
Den 18. januar 2024 vart Wandt den fyrste personen med norsk statsborgarskap i verdsrommet. Han vart òg den fyrste astronauten frå ESA på eit kommersielt oppdrag til ISS.[2][12][13]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.