rumensk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ion-Marcel Ciolacu (fødd 28. november 1967) er ein rumensk politikar som frå 15. juni 2023 har vore Romanias statsminister. Han er også leiar for det rumenske sosialdemokratiske partiet (PSD).
Marcel Ciolacu | |||
| |||
Fødd | 28. november 1967 (56 år) Buzău | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Romania | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Ecological University of Bucharest Școala Națională de Studii Politice și Administrative | ||
Alle verv |
|
Den rikspolitiske karrieren til Ciolacu starta då han i 2018 blei utnemnd til visestatsminister i regjeringa til Mihai Tudose. Det vert sagt at han skal ha blitt handplukka for å rapportere omkring Tudose til den dåverande parlamentspresidenten Liviu Dragnea som sjølv var avskoren frå statsministerposten på grunn av ei korrupsjonssak,[1] men Ciolacu braut sambandet til Dragnea og allierte seg med Tudose. Då Tudose trekte seg i januar 2018 blei Ciolacu sett på sidelinja.[2][3] Han fekk større innverknad etter at Dragnea i 2019 blei dømd til 3 år og 6 månaders fengsel for maktmisbruk.[4] Ettersom sosialdemokratane hadde fleirtal i begge kammera i parlamentet blei Ciolacu vald til parlamentspresident med 172 mot 120 røyster.[3] Han etterfølgde den fengsla Liviu Dragnea.
Den nyvalde leiaren for PSD, Viorica Dăncilă, leid eit klårt nederlag ved presidentvalet i november 2019, og Ciolacu overtok som fungerande leiar av partiet.[5] På partikongressen 22. august 2020 blei han vald til partileiar med klår margin – 1310 røyster for og 91 for motkandidaten.[6] Ciolacu leia partiet til siger i parlamentsvalet, men han fekk ikkje fleirtal for å danne regjering. Etter den politiske krisa i 2021 måtte regjeringa til Florin Cîțu gå av. Partiet hans, Det nasjonalliberale partiet (PNL) som var ein del av regjeringskoalisjonen, inngjekk no samarbeid med det sosialdemokratiske partiet til Ciocalu og danna ny regjering med Nicolae Ciucă frå PNL som regjeringssjef.[7]
Då Ciucă gjekk av overtok Ciocalu som regjeringssjef frå 15. juni 2023.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.