From Wikipedia, the free encyclopedia
Marathónas (gresk Μαραθώνας) er ein kommune på austsida av halvøya Attikí i Hellas, nordaust for Aten. Han høyrer til periferieininga Aust-Attikí i periferien Attikí.[2]
Marathónas Lokalt namn Μαραθώνας | |
---|---|
Frå sletta omkring tettstaden Marathónas | |
Geografi | |
Stad | Attikí |
Koordinatar | 38°09′N 23°47′E |
Areal | 226,6 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Attikí Aust-Attikí |
Hovudsete | Marathónas (5 260 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 31 331 (2021[1]) |
Folketettleik | 138,3 /km² |
Slaget ved Marathon stod på sletta i nærleiken av tettstaden Marathónas. I kommunen ligg òg den kunstige Marathonsjøen, som er vassreservoar for Aten.
Maratonløpet har namn etter ei legende knytt til slaget ved Marathon. Under Sommar-OL 2004 gjekk maratonløpet med start i Marathónas og mål på den gamle olympiastadion i Athen. Dette er òg ruta til det årlege Athen klassiske maraton.
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 33 423 innbyggjarar, medan kommunaleininga Marathónas hadde 12 849 og tettstaden med same namn 7 170 innbyggjarar.[1]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Néa Mákri | Néa Mákri | 15 554 | 16 906 |
Marathónas | Marathónas | 7 170 | 5 260 |
Káto Soúli | Marathónas | 2 142 | 1 755 |
Ájos Pandelímoas | Marathónas | 1 591 | 1 471 |
Varnávas | Varnávas | 1 326 | 1 342 |
Grammatikó | Grammatikó | 1 432 | 1 297 |
Néos Voutzás | Néa Mákri | 1 116 | 1 208 |
Vranás | Marathónas | 1 082 | 817 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.