![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/58/Wikipe-tan_manga_page1.jpg/640px-Wikipe-tan_manga_page1.jpg&w=640&q=50)
Manga
From Wikipedia, the free encyclopedia
Manga (uttaleⓘ kanji: 漫画) er det japanske ordet for teikneseriar. I Japan har teikneseriar hatt rimeleg høg anerkjenning, det har heilt frå starten vorte kalla ei eiga kunstart. I Vesten har omgrepet naturleg nok fått tydinga japansk teikneserie (kan bli brukt både i eintal og fleirtal) og skil seg noko ut frå vestleg teiknestil, forteljarteknikk og handling. Grunnen til dette er dei store forskjellane kulturelt. I japanske teikneseriar les ein rutene frå høgre mot venstre, nett som i tradisjonell japansk handskrift.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/58/Wikipe-tan_manga_page1.jpg/320px-Wikipe-tan_manga_page1.jpg)
Manga blir ofte omarbeidd til anime (japansk for animasjon) etter dei har oppnått nok interesse. Historier tekne frå manga blir ofte modifisert i mindre grad for å appellera til eit breiare publikum. Anime blir òg omgjort til manga, men dette er uvanleg.
Manga blir nokon gonger misforstått for å vera anime, av di dei fleste japanske animasjonsfilmar populære i vestlege land er baserte på manga.