Mandal kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mandal kyrkje er ei trekyrkje i Lindesnes kommune i Agder fylke. Dette er den største trekyrkja i Noreg. Ho har om lag 1 000 sitjeplassar og er eit av dei største trebygga i Noreg. Kyrkja vart bygd etter bybrannen i 1810, og vart teken i bruk i 1819[2] og offisielt innvigd i 1821.[3] Før brannen stod ei steinkyrkje frå mellomalderen på det gamle torget nede i byen. Dette var tidlegare sentrum i byen.
Mandal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Philip Gabrielsen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Lindesnes | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Lister og Mandal | ||
Sokn | Mandal | ||
Fellesråd | Lindesnes | ||
Periode | Empire | ||
Arkitekt | Jørgen Gerhard Løser | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1821 | ||
Takryttar | Med klokke | ||
Portal | Omramning rundt sakristidøra, ein klassisk søylehall boren av søyler ved hovuddøra | ||
Kor | I same rom som skipet | ||
Skip | Klassisistisk salkyrkje med to rekkjer av kolossalsøyler som ber eit tønnekvelv. Galleri som fyller sideskipa | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Preikestol | Ren sylindrisk form | ||
Døypefont | Marmor, 1821 | ||
Altartavle | Ein kross | ||
Sitjeplassar | 1000[1] | ||
Mandal kyrkje 58.031111111111°N 7.4597222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Mandal kirke | |||
Mandal kyrkje er bygd i empire, som legg vekt på det reine og enkle, med førebilete i gammal gresk og romersk arkitektur. Ho er den største trekyrkja i Noreg og det første store monumentalbygget som vart reist etter unionsoppløysinga med Danmark. Sjølv om veggane er av bindingsverk og tegl, er kyrkja kledd med panel og vert derfor rekna som trekyrkje. Dimensjonane på treverket er usedvanlig store, og arbeidet er spesielt godt utført. På grunn av byggjestilen er det lite utsmykking i kyrkjesalen.
Orgelet er i dag ein sjeldan representant for sin tidsepoke. Faktisk vert ikkje pneumatiske orgel som dette laga lenger, sidan dei treng svært mykje vedlikehald. Dette vart installert i 1923. Det er bygd av Oscar Walcker i firmaet W. Sauer i Frankfurt an der Oder. At det er pneumatisk, tyder at orgelet vert drive med tilstrøyming av luft (til forskjell frå mekanisk og elektronisk drivverk). Orgelet har 1 500 piper fordelt på 32 stemmer.
I 2014 fann ein ut at kyrkja hadde omfattande angrep av hussopp og råte i berande konstruksjonar.[4] Reparasjonskostnadane vart stipulert til 300-400.000 kroner, men korkje Riksantivaren eller Fylkeskonservatoren hadde middel til reparasjon/vedlikehald av offentlege bygg.[5] Heller ikkje kommunen hadde økonomi til å gjere noko med forfallet.[6]
Den omfattande restaureringa av den gamle trekyrkja byrja sommaren 2015.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.