From Wikipedia, the free encyclopedia
Dekkfrøplantar er den yngste og største rekkja av frøplantar. Dekkfrøplantane skil seg frå nakenfrøplantar ved at dei har blomar med frøemne som sit i ein lukka behaldar, fruktknuten. Blomen, som kan befruktast på ulike måtar, har gjort at rekkja har kunne spreia seg over heile verda og utvikla seg til mellom 225 000 og 400 000 artar. Plantane er også særs viktige for menneske, som særleg bruker mange av fruktene deira.
Dekkfrøplantar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Klade: | Dekkfrøplantar Angiosperms |
Den eldste kjende dekkfrøplanten er frå krittida og voks for rundt 125 millionar år sidan. Det er også funne stoff som tyder på at dekkfrøplantar var til for 250 millionar år sidan, under permtida.
Tradisjonelt har ein delt dekkfrøplantane inn i to klassar: tofrøblada og einfrøblada. Moderne DNA-baserte metodar har vist at denne todelinga er for enkel. Mens einfrøblada kan forsvarast som ei monofyletisk gruppe, blir dei tofrøblada delt opp i fleire ubeslekta grupper. Desse gruppene har ennå ikkje fått formelle namn, men kan grovt delast inn i desse gruppene: «Urdekkfrøa», ei lita gruppe som nolevande former av dei eldste dekkfrøplantane. Frå denne gruppa kjem einfrøblada plantar (Liliopsida); ei gruppe som inneheld magnoliafamilien (Magnoliaceae), laurbærfamilien (Lauraceae), holurtfamilien (Aristolochiaceae) og peparfamilien (Piperaceae); og ekte tofrøblada (Eudicotyledonae), der ein mellom anna finn soleiefamilien, rosefamilien, erteblom- og korgplantefamilien.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.