Mackinacbrua
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mackinacbrua (engelsk Mackinac Bridge, uttala [ˈmækɪˌnɔː]) er ei hengebru i Michigan i USA. Ho går over Mackinacsundet (engelsk Straits of Mackinac) mellom Michigansjøen og Huronsjøen, og knyter saman dei to halvøyane i Michigan – Lower Peninsula (LP) og Upper Peninsula (UP). Ho går frå Mackinaw City (LP) til St. Ignace (UP). Brua vert ofte kalla «Mighty Mac» eller «Big Mac».
Kjappe fakta Type, Stad ...
| |||
Type | hengebru, vegbru, bru med avgift | ||
---|---|---|---|
Stad | St. Ignace | ||
Opna | 1. november 1957 | ||
Strekning | Interstate 75 i Michigan | ||
Lengd | 8 038 meter | ||
Høgd | 168 meter | ||
Største spenn | 1 158 meter | ||
Kryssar | Mackinacstredet | ||
Materiale | stål | ||
Mackinacbrua 45.816°N 84.727°W / 45.816; -84.727 |
Lukk
Planane om å byggje ei bru over sundet kom allereie på 1880-talet, men Mackinacbrua stod ikkje ferdig før i 1957. Ho var då ei av dei lengste hengebruene i verda, og er på heile 2626 meter.
Sjefsingeniør for konstruksjonen var David B. Steinman, og selskapet American Bridge Company stod bak. Fem arbeidarar døydde da ein bygde brua.