Machine Head
musikkalbum av Deep Purple / From Wikipedia, the free encyclopedia
Machine Head er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple. Det vart spelt inn i desember 1971 i Montreux i Sveits, og kom ut 25. mars 1972 på Purple Records.
Machine Head Studioalbum av Deep Purple | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. mars 1972 | |
Innspelt | 6–21. desember 1971 | |
Studio | Grand Hotel (Montreux i Sveits) med Rolling Stones Mobile Studio | |
Sjanger | ||
Lengd | 37:46 | |
Selskap | Purple | |
Produsent | Deep Purple | |
Deep Purple-kronologi | ||
---|---|---|
Fireball (1971) |
Machine Head | Made in Japan (1972)
|
Singlar frå Machine Head | ||
|
Ettersom tidlegare innspelingsøkter hadde vorte lagde inn i speleplanen i gruppa, ønskte Deep Purple å setja av tid til å spela inn eit album utanfor det typiske studiomiljøet, i håp om at det ville resultera i eit lydbilete som låg nærare livekonsertane deira. Dei leigde Rolling Stones Mobile Studio for innspelinga og booka Montreux Casino som spelestad, men under ein Frank Zappa-konsert rett før innspelinga brende kasinoet ned til grunnen. Etter ei vekes leiting etter ein alternativ spelestad, inkludert ei økt på eit nærliggjande teater som vart forlate på grunn av støyklager, klarte bandet å booka det vinterstengde Grand Hotel og gjorde det om til eit rom eigna for innspeling. Desse hendingane, særleg brannen i kasinoet, vart inspirasjonen til songen «Smoke on the Water».
Machine Head er det bestseljande albumet deira og toppa hitlistene i fleire land, mellom anna som nummer éin i Storbritannia. Albumet, som hadde stor innverknad på utviklinga av tradisjonell metal, får framleis god kritikk av musikkritikarar og har vorte gitt ut på nytt fleire gonger.