From Wikipedia, the free encyclopedia
Mönch (tysk for "munk") er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Saman med Eiger og Jungfrau dannar det eit fjellpanorama som lokalt går under namnet Dreigestirn (omtrent «trippelstjerna»), lett gjenkjenneleg frå langt borte.
Mönch | |||
fjell | |||
Nordveggen og Eigerbreen | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 4 107 moh. | ||
Primærfaktor | 570 m ↓ mot Finsteraarhorn | ||
Koordinatar | 46°33′30″N 7°59′50″E | ||
Lettast tilkomst | klatring, frå Mönchsjochhütte over søraustryggen II | ||
Førstestiging | Christian Almer | ||
- dato | 15. august 1857 | ||
Mönch 46.558333333333°N 7.9972222222222°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Mönch | |||
Mönch ligg på grensa mellom kantonane Valais og Bern, og er del av ei fjellrekke mellom Jungfrau og Jungfraujoch i vest til Eiger i aust. Fjellet ligg vest for Mönchsjoch (eit 3650 m høgt skar) og Mönchsjoch-hytta. Det ligg nord om Jungfraufirn og Ewigschneefäld, to tverbrear til Aletschgletscher. Nordveggen av Mönch reiser seg bratt opp frå dalen Lauterbrunnen.
Fjelltoppen vart klatra fyrste gong 15. august 1857 av Christian Almer, Christian Kaufmann, Ulrich Kaufmann og Sigismund Porges.
Gjennom fjellet går jarnbanetunnelen Jungfraubahn, i ei høgde på 3300 meter over havnivå.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.