![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d1/Lyngseidet-kjosen-lyngen-alps.jpg/640px-Lyngseidet-kjosen-lyngen-alps.jpg&w=640&q=50)
Lyngseidet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lyngseidet (nordsamisk: Ivgumuotki, kvensk: Yykeänmuotka) er administrasjonssenteret i Lyngen kommune i Troms. Tettstaden ligg på vestsida av Lyngenfjorden og har 736 innbyggjarar per 1. januar 2023. Riksveg 868 og 91 går til Lyngseidet og det er ferjesamband til Olderdalen. På Lyngseidet er det i tillegg til butikkar og post ulike kommunale tilbod som alders- og sjukeheim, barne- og ungdomsskule, barnehagar, bibliotek, sosial- og trygdekontor og helsesenter. Lyngen kyrkje ligg på Lyngseidet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0e/Lyngseidet_Lindahl.jpg/320px-Lyngseidet_Lindahl.jpg)
Foto: Axel Lindahl. Norsk Folkemuseum eig originalen.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Lyngseidet | |||
stad | |||
Utsikt mot Lyngseidet frå Kjkostindane. Fjorden til høgre er Kjosen i Ullsfjorden. | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Lyngen | ||
Areal | 0,88 km² | ||
Folketal | 736 (2023) | ||
Folketettleik | 836 / km² | ||
Postnummer | 9060 LYNGSEIDET | ||
Preposisjon | på Lyngseidet | ||
![]() Lyngseidet 69.576111111111°N 20.218611111111°E / 69.576111111111; 20.218611111111 | |||
Wikimedia Commons: Lyngseidet | |||
Lukk